Hopp til innhald

Fagstoff

Minigravar, minilastar og gaffeltruck

Minigravarar, minilastarar og gaffeltruckar er små, men effektive arbeidsmaskiner som kan utføra arbeidsoppgåver på avgrensa flater.
Minigravar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Minigravar

Med ein minigravar kan du i dag utføra mange arbeidsoppgåver. Mindre gravearbeid som grøfting, masseflytting, pålessing, planering og muring av gråstein er oppgåver vi kan utføra med ein minigravar.

Ein minigravar er som ei stor beltegravemaskin i miniatyr. Han har den same oppbygginga, går på belte, kan bruka mykje av det same utstyret, men alt er i mindre format. Ein minigravar veg til vanleg frå 1,5 tonn til 5,5 tonn. Arbeidskapasiteten og styrken er avhengig av storleiken på maskina. Ein minigravar kjem gjerne til på stader der større maskiner får problem, han er smidig og har ofte regulerbar breidde på belta. Dei minste kan gå inn i små opningar og utføra arbeidsoppgåver vi tidlegare måtte gjera for hand.

Naturbruksnæringane har mange arbeidsoppgåver for minigravarar, ikkje minst innanfor anleggsgartnarfaget. Han arbeider på små flater, er effektiv i forhold til storleiken, og set ikkje så store spor etter seg. Krava til føraren er som for større maskiner, med unntak for dei aller minste maskinene. Sjølvstendig bruk av minigravar krev kompetansebevis når motoren er over 15 kW.

Minilastar

Ein minilastar er ei lita, kompakt lastemaskin som kan brukast til mange ulike oppgåver innanfor naturbruksnæringane. Han går på fire hjul, svingar på midten og krev liten plass i arbeid. I fjøset kan du transportera grovfôr, ta ut fast gjødsel, transportera pallar. Anleggsgartnaren kan køyra pallar med dekkstein, lasta singel, måka snø eller kosta plassar og gangvegar. For å køyra minilastar med motor over 15 kW må du ha kompetansebevis, på same måten som for minigravemaskiner med same motorstorleik.

Gaffeltruck

Gaffeltruck løftar pallar inne på eit lager. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein gaffeltruck er ei kompakt maskin som vert brukt til å lossa og lessa pallar og palleliknande kasser. Han kan arbeida på små flater, er rask og effektiv. Det finst mange variantar med ulik storleik og motorkraft.

Til bruk innandørs er det nødvendig med elektriske eller gassdrivne truckar, medan det på utandørslager er mest vanleg å bruka truckar med dieselmotor.

Dei viktigaste arbeidsreiskapane for ein gaffeltruck er tårnet og gaflane. Gaflane kan regulerast sidevegs, til ulik arbeidsbreidd og ikkje minst til ulik arbeidshøgd. Større lager har ofte høge pallereolar, og det krev at vi har ein gaffeltruck med stor løftehøgd.

Avhengig av underlaget vil ein gaffeltruck ha ulikt hjulutstyr. Ein innandørstruck har gjerne små, kompakte hjul, medan ein utandørstruck må ha noko større gummihjul med høgt lufttrykk. Stabilitet er viktig for ein gaffeltruck som skal handtera varer i stor høgd.

Skal du køyra gaffeltruck, må du ha kompetansebevis for nettopp denne typen truck. Aldersgrensa er 18 år. Ofte er arbeidsplassen for gaffeltruckar tronge og travle. Då er det viktig at føraren har den nødvendige kunnskapen og ferdigheita.

Standardiserte pallar

Svært mykje av varene vert i dag plasserte og transporterte på pallar eller tilsvarande underlag. Det gjer det praktisk og enkelt å handtera dei. Pallar kan vera spesiallaga, avhengig av kva varer som skal transporterast, men standardpallen er mest vanleg. Han vert kalla for europall. Storleiken er 120 x 80 cm, og han vert vanlegvis laga i tre. Lagerreolar og køyretøy for transport er tilpassa denne storleiken. Utstyr for handtering av pallar er det same kvar enn du kjem. Dette gjer handtering og stabling enklare.

CC BY-SASkrive av Kjell Ryland.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2017

Læringsressursar

Motorar og maskiner