Grupper på arbeidesplassen

Det finst mange måtar å bli medlem av ei gruppe på. Kor enkelt det er å kome inn i ei gruppe varierer frå person til person og frå gruppe til gruppe.
.
mogleik lik?
Marja Flick-Buijs
Du bør bruke årene på skulen til å trene deg på å samarbeide med ulike personar.
Kvifor samarbeid i grupper?
I yrke innanfor helse-, sosial- og oppvekstsektoren er samarbeid i grupper ei vanleg arbeidsform.
- I barnehagen samarbeider barne- og ungdomsarbeidarar og førskulelærarar tett og utgjer ei gruppe med felles mål men ulike kompetanseområde.
- I ambulansen samarbeider ambulansearbeidarar med legar eller sjukepleiarar for å gi pasienten best mogleg hjelp.
- På legekontoret samarbeider helsesekretærane med legar og sjukepleiarar.
Liknande eksempel vil du finne innanfor dei fleste yrke. Les meir om dette under tverrfagleg samarbeid.
I nokre samanhengar bli gruppearbeid kalla teamarbeid.
Det er avgjerande at du som fagarbeidar kan samarbeide med ulike personar i ulike grupper for å få jobben gjort. I nokre situasjonar er det mest naturleg at du samarbeider med andre som har den same kompetansen som du sjølv har, medan andre arbeidsoppgåver er så samansette at dei krev at menneske med ulik kompetanse samarbeider.
For at samarbeidet skal fungere krev det grupper som fungerer godt.
Kjenneteikn på ei godt fungerande gruppe er
- klare felles mål for arbeidet i gruppa
- open kommunikasjon og tillit
- at gruppa utnyttar alle ressursane sine og tek avgjerder i fellesskap
- fleksibel leiing
- open vurdering
Å bli ein fullverdig medlem av gruppa
Ut frå dei opplevingane du har til no kjenner du sikkert til at det å kome inn i ei gruppe kan opplevast svært forskjellig. I enkelte grupper kjenner du deg som ein av gruppa nokså raskt, medan du i andre grupper bruker lang tid på å finne din plass.
Når du skal byrje på ein ny arbeidsplass er det mykje du må lære og setje deg inn i før du kan kalle deg eit fullverdig medlem av gruppa. Under finn du eit eksempel som kan syne dette.
Opphavsmann: Guri Bente Hårberg
Då Alfon hadde hatt prosjekt til fordjuping i to år, syntes han på mange måtar at han var ein del av gruppa, men det var framleis slik at han gjorde det han vart bedd om og sjeldan deltok i avgjerder som vart tekne.
Alfon var heldig å få læretid på same sjukeheim og i løpet av den tida han var der vart han stadig meir trygg i gruppa, både blant tilsette og brukarar. Han sa etter kvart frå om ting han var ueinig i, vart lytta til, han diskuterte og vart teken med på råd. Han lærte seg også kva som var saksgang og kva som var han si rolle.
Så ein dag, kanskje i slutten av læretida, eller kanskje seinare, kjente han seg som ein fullverdig medlem av gruppa. Han var helsefagarbeidaren på Steine sjukeheim.
Det å bli ein fullverdig medlem av gruppa krev at du er open, spørjande og interessert. Det krev også at gruppa du skal inn i er villig til å sleppe deg inn, at dei gir deg tid og hjelper til å finne din plass i gruppa.
Utfordringar til deg
- Kva er teamarbeid?
- Lag ei oversikt over kva yrkesgrupper du vil jobbe i gruppe med når du er ferdig utdanna.
- Korleis kan du bruke tida i skulen til å trene deg på gruppearbeid?
- Kva kjenneteiknar ei god gruppe?
- Kva vil du leggje i det å vere ein fullverdig medlem av ei gruppe?
- Diskuter eksemplet med Alfon
- Er det realistisk at det er slik som i eksemplet?
- Kva kan Alfon sjølv gjere for å fortare bli ein del av gruppa?
- Sjå på figuren. Han manglar eit tidspunkt for når Alfon er ein fullverdig medlem. Kva trur du det kan skuldast?
