Hopp til innhald

Fagstoff

Å setje saman grupper

Når vi skal setje saman ei gruppe, ønsker vi at gruppa skal innehalde menneske som kan jobbe godt saman.
Ungdommar smiler og gjer gruppearbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har sikkert opplevd at lærarar eller andre har plassert deg i ei gruppe som fungerte kjempegodt, og kanskje òg i ei gruppe som absolutt ikkje fungerte.

Ulike grupper

Ei gruppe kan vere sett saman som ei homogen eller ei heterogen gruppe. Ei homogen gruppe er ei gruppe der medlemmene er ganske like, til dømes apotekteknikarane på eit apotek. Heterogene grupper er sette saman av menneske som er ulike. Det kan vere ulike yrke, evner eller føresetnader.

Inndeling av grupper

Som fagarbeidar kan det vere at du skal setje saman grupper. Det kan vere barn som skal gjere ein aktivitet saman i barnehagen, ungdommar som skal gjere eit konkret arbeid, eller eldre som skal på utflukt saman. Det er ei rekke ting vi bør tenke over før vi plasserer personar i bestemte grupper:

  • Skal medlemmene sjølve få velje kven dei vil vere på gruppe med? Den største faren med denne måten å opprette grupper på er at nokon ikkje blir bedne om å delta i noka gruppe, dei blir ikkje valde.
  • Har gruppa nokon som vil ta leiinga og drive arbeidet i gruppa?
  • Er gruppa sett saman slik at alle har føresetnad for å bidra med noko i gruppearbeidet?
  • Er dette ei gruppe som alle har sjanse til å lære noko i?
  • Er det sannsynleg at alle vil trivast i denne gruppa?
  • Dersom ein klasse har enkelte som alltid lurer seg unna, skal vi da spreie desse på ulike grupper eller plassere dei i éi gruppe?
  • Er det akseptabelt at nokon ikkje vil jobbe i gruppe?
  • Kva gjer du om nokon blir utestengd?

Utfordringar til deg

  1. Kva er ei homogen gruppe? Gi døme.
  2. Kva er ei heterogen gruppe? Gi døme.
  3. Tenk deg at du skulle dele ein sjetteklasse i grupper. Korleis ville du gjere det?
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2020

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar