Hopp til innhald

Fagstoff

Formelle og uformelle grupper

Grovt sett kan vi seie at grupper kan vere organiserte på to måtar; som formelle grupper eller uformelle grupper.
Gruppe av unge mennesker som sitter rundt et bord og leser i en bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formelle grupper

Formelt – med klare instruksar: som inneheld reglar (mandat, vedtekter e.l.) som fortel kva gruppa skal gjere, kvifor (målsetjingar) og korleis (arbeidsfordeling, roller osv.) oppgåva eller arbeidet skal løysast. Eksempel på formelle grupper kan vere

  • grupper på arbeidsplassen
  • fagforeiningar
  • klassar på skolen
  • politiske parti

Uformelle grupper

Uformelt – spontant, der innhald, mål, reglar og arbeidsfordeling blir definerte og fordelte etter kvart og kan skifte frå dag til dag etter behov, interesser og ønske frå medlemmene. Eksempel på uformelle grupper kan vere

  • venner som møter kvarandre
  • grupper på internet


Utfordringar til deg:

  1. Kva formelle grupper er du medlem av?
  2. Skildre ei uformell gruppe du har vore medlem av.
  3. Kva skil ei formell og ei uformell gruppe?
  4. Kvifor trur du det er viktig at det finst formelle grupper på ein arbeidsplass?
  5. Kva blir forventa av deg når du er med i ei formell gruppe?
CC BY-NC-SASkrive av Kjell Arne Standal.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2020

Læringsressursar

Samhandling og relasjonar