Hopp til innhald

Fagstoff

Biologien til reinen

Reinen er eit drøvtyggande klauvdyr med eit spesielt instinkt. Storleiken varierer innanfor same kull og same kjønn. Fargen på pelsen og storleiken på geviret skiftar med årstidene.

Flokkdyr

Reinen er eit flokkdyr. Det vil seie at dyra naturleg lever saman i store flokkar og opptrer ut frå eit spesielt instinkt. Reinen skil seg frå andre hjortedyr ved at både bukkane og simlene har gevir. Andre særtrekk ved reinen er storleiken og fargen på hår/pels. Storleiken kan variere innan same kull og kjønn. Reinen skiftar utsjånad etter årstidene. Til dømes er pelsen blank og geviret fullt utvakse om hausten. Om vinteren blir hårlaget meir rufsete, bleikt og slite.

Ein mann forsøker å omringe nokre dyr frå ein reinflokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Virveldyr

Reinen er eit virveldyr. Han har eit skjelett som er sett saman av knoklar av ulik form og storleik. Virvelsøyla til reinen består av

  • halsen (sju virvlar)

  • brystet (fjorten virvlar)

  • lenda/krysset (fem virvlar)

  • bekkenet (fem samanvaksne virvlar)

  • halen (sju–åtte virvlar)

På nordsamisk er det namn på alle virveltypane, til dømes på virvlane i halsen frå øvste virvelen: bieddarašdilljá, báhppa og fem čeabetdávtti.

Drøvtyggande klauvdyr

Reinen er drøvtyggar, og tennene hans er lik tennene til andre drøvtyggarar. Drøvtygging er å gulpe mageinnhaldet opp i munnhola og tygge det på nytt før det blir svelgt for andre gong. Reinen har ikkje framtenner i overmunnen, men i staden eit fast, bruskaktig parti som framtennene i undermunnen tygg mot.

Reinen har både hovudklauver og biklauver. Hovudklauvene er store, breie og kvasse i kanten. Dei er skovlforma og er skapte til å grave i snøen med. Reinen kan grave seg gjennom eit metertjukt snølag. Han kan òg slå sund fastare snølag (čearga) og tynne islag (f.eks. geardni, činus) med dei kvasse klauvene sine.

Biklauvene er òg store. Det gir reinen stor bereevne på snødekt mark og på flate myrar. Dei store klauvene og den luftfylte pelsen gjer reinen til ein ypparleg symjar; han flyt godt og padlar seg raskt fram.

Reinklauv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stemma

Stemma til reinen er lite melodiøs, ho høyrest ut som grynting. Om kalven kjem vekk frå simla, lokkar dei på kvarandre med grynting. Stemma til kalven er lysare enn stemma til ein vaksen rein. Lyden av bukken i brunst er kraftigare og høyrest ut som snorkande snøft som blir utstøytte fleire gonger.

Gevir

Både hannreinen og horeinen har gevir eller horn. Geviret er ei beindanning som veks ut frå to beintappar på pannebeinet. Geviret er glatt, fleirspissa med svak rosenkrans. Om hausten er geviret til reinen utvakse. Då feiar reinen geviret for å få vekk basten som sit fast i horna. Dei største hanndyra er dei første som skrapar bort basten i gevira. Det skjer gjerne i august.

Reinen feller geviret på ulike tider av året alt etter alder og kjønn. De største reinoksane (sarvvis) feller gevira først, deretter feller vuorsu, varit og čearpmat.

Reinsdyr med gevir står tett saman. Gevira er utan bast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reinsdyr med lodne gevir står tett saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrep knytta til gevir

Samisk har ein rik terminologi for gevir. Gevir er čoarvi/tjåervie på nordsamisk/sørsamisk. Det finst samiske namn på til dømes hornkrona, hornrota, dei ulike taggane på geviret, forma på gevira, gevirhuda og forgreiningane på geviret.

Feie = čallat/tjalledh

Felle = nulpet/gahtjehtidh

Pels (hår)

Pelsen til reinen heiter guolga på nordsamisk. Det betyr hår. Pelsen består av hårstrå som er hole, som isolerer godt, og som gir reinen vern mot vêr og vind. Kvar sommar skiftar reinen pels for å få fornye han, slik at han gir best mogleg isolasjon neste vinter.

Vinterpelsen gir svært god isolasjon når det er kaldt. Dei som har sett ein reinflokk, har sett at pelsen består av mange grå nyansar, og at fargen kan variere frå svart til kvit. Hovudfargen i flokken er for det meste grå med litt gult skjer.

Vaksen rein med kvit pels står ved sida av kalv med kvit pels. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargane i pelsen

På samisk har dei ulike fargane ulike namn:

  • muzet (brun)

  • vielgat (grå)

  • gabba (kvit)

Namna på pelsfargane er ikkje dei same orda som blir nytta på dei vanlege fargane på samisk.

Nemningar som blir nytta om rein

Reindriftssamane har mange ulike namn på reinen, alt etter alder og kjønn. Her er ei oversikt over dei nordsamiske og sørsamiske faglege omgrepa som beskriv alderen og kjønnet på reinen i flokken.

Til dømes blir ein reinkalv kalla for miessi/miesie. Ein hannrein som er 1,5 år gammal, blir kalla varit/horhtje, og ein 1–1,5 år gammal horein blir kalla vuonjal/voenjele. Eit anna døme er når ein horein på 2–2,5 år skiftar namn frå čoavjjet (hodyr som har kalv i magen) til áldu/aaltoe når kalven er fødd. Áldu nemner både mora og kalven.

Nemningar om rein

Alder

hannrein

horein

språk

nordsamisk

sørsamisk

nordsamisk

sørsamisk

0 år
neste
mai

miessi (kalv)

varis miessi

miesie
urries-miesie

miessi (kalv)

njiŋŋelas miessi

miesie
minngeles-miesie

1 år

čearpmat
(har «levd» heile vinteren)

horhtje

čearpmat

voenjele

1,5–2

varit

vuepere

vueperes sarva

vuonjal
vuonjal-áldu

voenjele aaltoe

2,5–3

vuobirs, vuorsu

áldu <->rotnu

aaltoe <-> råtnoe

3,5–4

gottos
heargi <-> spáilli
t

girrehke

áldu <->rotnu

aaltoe <-> råtnoe

4,5–5

goasohas
heargi<-> spáillit

guesehke

áldu <->rotnu

aaltoe <-> råtnoe rutnjetje

5,5–6

máhkanas heargi<-> spáillit

maakenåhkoe

áldu <->rotnu

aaltoe <-> råtnoe

6–6,5

heargi<-> spáillit

nommelaehpije

áldu <->rotnu

aaltoe <-> råtnoe

> 6,5 år

nammaláhpat
heargi<-> spáillit

nommelaehpije

áldu <->rotnu

aaltoe <-> råtnoe
CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Om reinen – boazu