Hopp til innhald

Fagstoff

Verkemiddel i skriftleg arbeid

Språklege verkemiddel kan vekkje harme, få folk til å gråte eller få lesarar til å utføre ei bestemt handling. Ein tekstforfattar i mediebransjen må ha ordet i si makt.

Ein plakatserie frå reklamebyrået Oktan Orangeriet viser ein kommunikasjonskampanje der konseptet er knytt til det å finne opp nye ord. Orda «Seteslusk» og «Decibeldust» finst rett og slett ikkje i norske ordbøker. Her har tekstforfattarane, saman med andre på Orangeriet, jobba fram nye samansette ord til kampanjen for Skyss: Ver grei. Tydinga av orda er formulert som i ei ordbok, og meininga orda gir oss saman med illustrasjonane, er ikkje tilfeldig. Plakatar og videosnuttar skal oppdra publikum til å oppføre seg betre på banen og på bussar i Bergen og omegn.

Se videoen Brøytebølle.

Plakatserie for haldningskampanje i kollektivtransport. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er språklege verkemiddel?

Forteljeteknikk og bruk av verkemiddel heng nøye saman. Forteljeteknikk handlar om oppbygginga av tekstar. Bruk av språklege verkemiddel handlar om å jobbe med dei små detaljane i språket heilt ned på ord- og setningsnivå.

Nye ordsamansetjingar og enkelt språk er altså eksempel på språklege verkemiddel. Andre verkemiddel du sikkert har høyrt om, er:

  • ladde ord
  • gjentaking
  • samanlikning
  • kontrast
  • humor
  • alvor
  • rim
  • rytme
  • språkbilete
  • metafor
  • overdriving
  • underdriving
  • osv.

Mange adjektiv er eksempel på ladde ord som ein kan bruke som effektive språklege verkemiddel. Ein metafor er eit språkleg bilete der du erstattar dei eigentlege orda med andre ord for å beskrive, for eksempel: «Ho er solstråla i familien.» Metaforar kan ein bruke til å kaste lys over ein person eller eit fenomen på ein ny måte og gi lesaren ei rikare oppleving av teksten.

Kva språklege verkemiddel du vel å bruke, kjem an på kva som er føremål, målgruppe og kanal for teksten. Når du skriv for unge lesarar, er det viktig at vanskelege ord blir erstatta med enkle ord eller blir forklarte.

Øving med bruk av ladde ord og metaforar

  1. Skriv ein dialog mellom to personar der temaet er vêret. Snakk gjerne saman to og to om vêret, og skriv deretter ned samtalen.
  2. Lag ei liste med morosame adjektiv.
  3. Stryk adjektiva de først brukte i dialogen, og legg inn nye adjektiv frå lista, der det er mogleg.
  4. Til slutt lèt de som om vêret eigentleg er ein person av motsette kjønn. Juster dialogen slik at lesaren «nesten» forstår kva samtalen om vêret eigentleg handlar om.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag