Hopp til innhald

Fagstoff

Hus til dyr

Det er mange forhold som styrer korleis husa for dyra våre blir utforma. Forsking og utprøving av korleis dyra sjølv vil velje, kan gi oss kunnskap om kva løysingar som er best. Den naturlege åtferda til dyra er eit viktig utgangspunkt.

Hus til dyr

Husdyra våre er tilpassa eit kjølig klima, og dei fleste trivst godt ute sjølv på kalde dagar. Men dei må kunne finne ly når vêret er dårleg. Dei må ha ein tørr og trekkfri plass å opphalde seg på.

Nokre dyr lever innandørs heile livet, som høns, gris, pelsdyr og mange hobbydyr. Då blir det særleg viktig å tilpasse bustaden til den naturlege åtferda til dyret. Generelt må dyr ha moglegheit til å bevege seg og til å legge seg ned når dei har behov for det.

Husa til dyra må formast ut slik at dyra trivst. Husa må òg fungere for dei som jobbar med dyra. I biletserien over ser du døme på ulike hus til dyr. Forskrifter om husdyrhald har klare reglar for korleis innreiing og teknisk utstyr skal formast ut for dei ulike dyreslaga.

Ly for vêr og vind

Storfe står og ligg ute ved ein tunnel for ly. Det er nysnø i fjellsida i bakgrunnen. Foto

Dei fleste dyr liker å vere ute. Det er likevel fint å kunne søke ly.

Dei fleste dyr som er ute, blir haldne i innhegningar. Dyra er omgitt av eit gjerde som kan vere laga av streng eller treverk.

I gjerdet er det ofte ein port eller ei grind som kan opnast, og ho må ha ein låsemekanisme.

Fôring

Dyra må ha tilgang til vatn og fôr. Ulike typar automatar blir gjerne brukte til kraftfôr, mens vi plasserer grovfôr til til dømes storfe der dyra ikkje kan trakke i det. Både vatn og fôr må plasserast slik at det ikkje blir utsett for fukt eller tilgrisa av tråkk og ekskrement.

Fôring av dyr er ofte ei omfattande arbeidsoppgåve. For å legge til rette for at dette arbeidet kan utførast på best mogleg måte, må bygningar formast ut slik at vi kjem til med traktor eller anna transportmiddel. Det finst òg elektrisk drivne fôrutleggarar og andre automatiserte system.

Gjødselhandtering

Uansett kva dyr vi held, må vi jamleg fjerne gjødsel, ekskrement. Golv i driftsbygningar og i bur og boksar må vere lette å halde reine, og det må vere gode løysingar for å frakte bort møkka. Vi strør gjerne underlaget der dyra held til, med flis, halm eller sand som tek opp fukt.

Lys og lyd

Alle dyr skal ha ei veksling i lysstyrken mellom dag og natt. I nokre produksjonar, til dømes for verpehøns, er det særleg viktig med rett lysregulering. Dei som skal jobbe i bygningane, må ha godt arbeidslys.

Støy er ubehageleg for både dyr og menneske. Det er viktig å dempe og avgrense støy frå maskiner og reiskapar så mykje som råd.

Kontroll- og alarmsystem

I mange dyreproduksjonar er krava til stabil temperatur eller belysning strenge. Då må vi ha alarmar som blir utløyste dersom verdiane hamnar utanfor dei kritiske grensene. Varsling kan skje via mobiltelefon.

Eit nødstraumaggregat sikrar produksjonen ved straumstans. Aggregatet kan koplast slik at det startar automatisk.

Økonomi

I Noreg har vi alltid vore opptekne av dyrevelferd, at husdyra skal ha eit godt liv. Omsynet til kostnader og pris på produkta kan nokre gonger kollidere med omsynet til dyrevelferda.

Økonomiske omsyn vil vege tungt når vi vel hus og innreiingar. Det er kostbart å bygge og halde ved like bygg. Sjølve drifta har likevel òg mange kostnader, og effektive løysingar for fôring og gjødselhandtering, mjølkerobotar og anna utstyr vil lønne seg. Kravet om lønnsemd fører til at vi får store einingar, og strenge reglar for kontroll og dokumentasjon i produksjonen påverkar òg kva løysingar vi vel. Og ikkje minst er arbeidsmiljøet ein viktig faktor.

Produksjonsdyr og fritidsdyr

Papegøye. Foto.

Dei seinare åra har det vore ein stor auke i dyrehaldet på hobby- og fritidsbasis. Det er vanleg å halde hest, hund og mange andre smådyr, både i organiserte opplegg og som kosedyr i heimen. Lovverket har tydelegare krav til hus for produksjonsdyr, men dyrevelferdslova gjeld òg for fritidsdyr. Som dyreeigar har du sjølv ansvar for å hente inn kunnskap og følge dei retningslinjene som gjeld.

Lufting og ventilasjon

Eit godt husdyrrom skal vere tørt og trekkfritt. Lufta skal vere god å puste i for både menneske og dyr.

Gjødselgassar og fukt gjer luftkvaliteten dårleg, gir ròteskadar på bygningar og korrosjonsskadar på innreiingar. Godt reinhald er viktig for å ha god kvalitet på lufta i rommet.

Luftfukt, temperatur og trekk er kanskje dei viktigaste faktorane når vi skal planlegge ventilasjon. Når du bruker mekaniske vifter, må du òg ta omsyn til støy. Undertrykkventilasjon er mest vanleg. Då blir det skapt eit undertrykk i rommet anten ved naturleg avtrekk gjennom ei pipe over taket eller ved hjelp av mekaniske vifter som dreg lufta ut. Skal du dra luft ut, må du òg få luft inn. Luftinntak og vifter må plasserast slik at dyra ikkje står i trekk. Unngå trekk gjennom dører og opningar, og unngå lekkasjar frå gjødsellager.

Når vi bygger nytt eller bygger om hus til storfe, er uisolerte fjøs vortne meir vanleg. I uisolerte fjøs bevegar lufta seg naturleg og gir ein naturleg ventilasjon. Varm luft er lettare enn kald luft. Den varme lufta stig naturleg opp mot taket, mønet, og her er det opningar slik at ho slepper ut. Kald luft kjem inn gjennom opningar i veggene. Her må inntaket plasserast så høgt på veggen at det ikkje gir trekk på dyra. Vi må bruke ein duk eller liknande som bremsar farten på den kalde lufta.

Uisolerte bygg er rimelegare å bygge, sidan utgifter til isolasjon og ventilasjon blir lågare.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Ryland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Bygningar og anlegg