Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til Dryads – Girls Don't Cry

Filmen Dryads – Girls Don't Cry frå 2015 handlar om musikk, kreativitet, ungdomstid og intrigar. Tematikken i filmen gjer han relevant for fleire av mediefaga. I oppgåvene til filmen jobbar de med filmanalyse, åndsverklova og sosiale medium.

Filmanalyse

Karakterar og konflikt

  • Gi ei kort skildring av dei to karakterane Hilde og Henriette.
  • Kva er hovudkonflikten i filmen?
  • Korleis endrar Hilde seg i møte med hovudkonflikten?
  • Beskriv vendepunktet (point of no return) og klimaks i filmen.

Musikk

Ulike musikktypar blir brukte gjennomgåande i heile filmen (korsong, bandøvingar, låtar som blir spelte på fest, og konsertopptak frå Hovefestivalen).

  • Gi ei skildring av korleis filmen bruker musikk som verkemiddel.

Tittel: Dryads – Girls Don't Cry

  • Kva betyr filmtittelen?
  • Kvifor trur du filmskaparane har valt denne tittelen?

Til diskusjon

Diskuter gjerne spørsmåla i grupper eller saman i klassen.

Åndsverk og opphavsrett

Hilde, som openbert har talent for foto og film, lagar ein musikkvideo til ei av låtane til Dryads. Ho publiserer musikkvideoen på YouTube utan at Henriette og dei andre bandmedlemmene i Dryads veit om det eller har gitt samtykke.

  • Kva er eit åndsverk?
  • Kva meiner vi med omgrepet opphavsrett?
  • På kva måte bryt Hilde med prinsippa i åndsverklova når ho lastar musikkvideoen opp på YouTube?
  • Kva innverknad får musikkvideoen for karrieren til Dryads?

Sosiale medium

Når foreldra til Hilde finn ut at ho har loge for dei og vore på fest hos Henriette i staden for på overnatting hos bestevenninna Anette, er straffa mellom anna at ho ikkje får bruke internett eller mobiltelefon på ubestemd tid.

  • Gir filmen eit riktig bilete av ungdom sin bruk av mobiltelefon og sosiale medium?
  • Samanlikn mediebruken til Hilde og Henriette.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Opphavsrett