Hopp til innhald

Fagstoff

Hesterasar og stambokføring

Det er mange forskjellige hesterasar i Noreg, både importerte hestar og hestar som er avla fram her i landet. Det er dei ulike raseorganisasjonane som tek hand om avlsplanane for hesterasane. Avlsplanane fortel kva som er avlsmåla for dei ulike rasane.

Reinrasa hestar vert førte i stambøker. Nokre organisasjonar fører dette sjølve – som til dømes Det Norske Travselskap, som fører stambok for varmblodstravar og kaldblodstravar. Norsk Hestesenter er stambokførar for dei nasjonale hesterasane dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Desse tre norske hesterasane er no definerte som utryddingstrua, det er låge bedekningstal, og det vert fødd få føl årleg.

I stambøkene finn du informasjon om stamtavler, resultat frå utstillingar og eventuelt resultat frå hestesport.

Hugselappen

Vi har tre nasjonale hesterasar.

Det vert ført stambøker for reinrasa hestar.

Dei tre nasjonale hesterasane er utryddingstrua.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Hesten – biologi og natur