Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialsektoren

Sosiale tenester er ei samnemning for kommunale hjelpetiltak til personar med økonomiske og sosiale vanskar.
Ei kvinne sit i ein stol og har rullatoren ved sia av seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjelpetiltaka skal hjelpe til å gi økonomisk og sosial sikkerheit og betre levekåra for vanskelegstilte i samfunnet.

Tenestene skal også vere med på å auke likeverd og likestilling og førebyggje sosiale problem.

Eit kommunalt ansvar

Det er kommunen som har hovudansvaret for sosialtenesta. Tenesta skal gi informasjon og rettleiing som kan hjelpe til å løyse eller førebyggje sosiale problem for den enkelte. Sosialtenesta fungerer som eit sikkerheitsnett for menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon. Hjelpa er gratis for alle som bur eller oppheld seg i kommunen.

Alle kommunar skal ha sosiale tenester som omfattar tilbod om praktisk stønad, som matlevering og sikkerheitsalarm, avlastingstiltak, støttekontakt, plass i institusjon og omsorgslønn. Økonomisk stønad (sosialhjelp) er også ein del av hjelpetiltaka til kommunen.

Dei sosiale tenestene blir forvalta av NAV

Dei sosiale tenestene blir finansierte, administrerte og organiserte gjennom NAV-kontoret i den enkelte kommunen. Stat og kommune samarbeider om dei sosiale tenestene gjennom NAV-kontoret. Her sit tilsette frå både Arbeids- og velferdsdirektoratet (statleg) og sosialkontoret (kommunalt) og jobbar saman for å finne gode løysingar til brukarane.

Forvaltninga av sosiale tenester blir regulert i lov om sosiale tjenester (sosialtenestelova). Helse- og omsorgsdepartementet fører tilsyn med sosialtenesta gjennom Statens helsetilsyn.

Kven kan få sosiale tenester?

Alle har rett til nødvendige sosiale tenester i den kommunen dei bur i. Dei som ikkje kan sørgje for eige livsopphald eller dra omsorg for seg sjølve, kan ha krav på økonomisk støtte og/eller sosiale tenester. Sosialtenestelova gjeld for alle personar som oppheld seg lovleg i landet. Dersom du oppheld deg i utlandet, har du ikkje rett på økonomisk stønad.

Økonomisk stønad (sosialhjelp)

Økonomisk stønad blir gitt til personar som ikkje har andre alternativ til inntekt, og skal sikre at alle i samfunnet har nok pengar til å klare seg. Personar som får sosialhjelp, er ofte i ein vanskeleg livssituasjon. Sosialhjelpa skal både gi mottakaren ei forsvarleg inntekt og gjere han eller ho sjølvhjelpen. NAV-kontoret i kommunen tek imot søknader og vurderer behovet for hjelp til den enkelte. Ofte blir økonomisk stønad gitt saman med råd og rettleiing.

Tre prosent av det norske folket får økonomisk sosialhjelp. Talet kjem opp i underkant av fem prosent dersom vi tek med barna og ektefellane til mottakarane. Sosialhjelpa er ikkje alltid tilstrekkeleg til å sikre familiane ei inntekt over låginntektsgrensa. Dette kan skape negative konsekvensar for barn av sosialhjelpsmottakarar og for langtidsmottakarar (personar som får stønad i seks månader eller meir).

Mellombels husvære

Sosialtenestelova pålegg kommunane å finne mellombels bustad til dei som ikkje klarer det sjølve. Det kan for eksempel vere behov for denne typen hjelp i akutte situasjonar som ved brann, utkasting, familie- eller samlivsbrot. Det er krav om at dei har prøvd, men ikkje har klart å finne bustad sjølve.

Opphald i mellombels bustad skal ikkje vere langvarig. Kommunane skal om mogleg sørgje for permanent bustad til dei som treng det, men som ikkje har klart å finne husvære på eiga hand. Også vanskelegstilte har rett på hjelp frå sosialtenesta i kommunen eller NAV-kontoret til å skaffe bustad.

Dei viktigaste sosiale tenestene omfattar:

  • praktisk stønad og opplæring til menneske som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker
  • økonomisk stønad (sosialhjelp)
  • økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving
  • mellombels husvære
  • oppfølging og ettervern av rusmisbrukarar
  • avlastingstiltak for personar og familiar med tyngjande omsorgsarbeid i form av støttekontakt eller plass i institusjon og omsorgslønn
CC BY-SASkrive av Norsk Helseinformatikk.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2018

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene