Hopp til innhald

Fagstoff

Velstandssamfunn og velferdssamfunn

For å sikre at alle skal få sjansen til å tilfredsstille dei grunnleggjande behova sine, er det vanleg at offentlege styresmakter tek på seg eit visst ansvar for fordelinga av slike gode.
Pleiar hjelper mann i rullestol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Velstandssamfunn

Enklast kan vi seie at eit velstandssamfunn er eit samfunn der det blir produsert meir enn nok av varer og tenester, og at det store fleirtalet har råd til å skaffe seg dei varene og tenestene dei treng. Ein vanleg måte å finne ut kor mykje som blir produsert i eit land, er å rekne ut verdien av alle varene og tenestene som blir produserte i landet på eitt år.

Velferdssamfunn

For å kunne avgjere om eit samfunn kan kallast eit velferdssamfunn, må vi sjå på korleis grunnleggjande gode verkeleg er fordelte på innbyggjarane. Med grunnleggjande gode meiner vi mat, bustad, arbeid, klede, høve til utdanning, helsetenester og fridom frå undertrykking. Dersom delar av befolkninga manglar desse goda, har vi ikkje med eit velferdssamfunn å gjere.

Velferdsstat

For å sikre at alle skal få sjansen til å tilfredsstille dei grunnleggjande behova sine, er det vanleg at offentlege styresmakter tek på seg eit visst ansvar for fordelinga av slike gode.I Noreg blir dette gjort av dei statlege og kommunale styresmaktene.

Dersom dei statlege styresmaktene tek på seg ansvaret for at ingen lir nød på grunn av dårleg økonomi eller mangel på andre ressursar, kallar vi staten ein velferdsstat. Da garanterer staten at alle skal ha pengar nok til mat, hus og klede. Alle skal ha eit tilbod om utdanning eller arbeid, alle skal kunne få medisinsk hjelp.

I Noreg er ansvaret for velferdsgodane fordelt mellom staten, fylkeskommunane og kommunane.

Det er vanleg å dele velferdsstaten inn i

  • oppvekstsektoren
  • helsesektoren
  • sosialsektoren
  • trygdesystemet

Velferdsordningar

Stortinget vedtek til dømes lover som sikrar dei arbeidsledige trygd, sosialhjelp til dei som treng økonomisk støtte til livsopphald, og uføretrygd til dei som har fått så dårleg helse at dei ikkje kan arbeide. Vidare kan staten vedta at alle har rett til utdanning i 13 år, at alle skal ha ein fastlege, og at alle skal få nødvendig sjukehusbehandling. Statleg støtte til medisinar skal sikre at alle har råd til dei medikamenta dei treng.

Riksløva på Løvebakken framfor Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

FN har flere gonger kåra Noreg til det beste landet å bu i, blant anna på grunn av velferdsgoda våre. Som fagarbeidar innanfor helse- og oppvekstsektoren vil du ha ein jobb der du skal medverke til at menneske opplever at velferdsstaten fungerer.


Utfordringar til deg:

  1. Kva er eit velstandssamfunn og eit velferdssamfunn?
  2. Kva for fire delar er det vanleg å dele velferdsstaten i?
  3. "Noreg har ikkje alltid vore ein velferdsstat". Bruk stikkorda under til å finne ut kva ein meiner med utsegna over:
    - legdordninga fram til 1900-talet
    - fattigdom og nød på 1800-talet
    - eit skoletilbod for alle først på slutten av 1800-talet
  4. Kva for velferdsgode nyt du som skoleelev godt av?
  5. Diskuter: Gir det å leve i eit velstansstandssamfunn god livskvalitet?
CC BY-NC-SASkrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 27.02.2020

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene