Hopp til innhald

Fagstoff

Skisser i idéutvikling

Å skåre på straffe er det enklaste i verda. Og løysinga er den same om du er aleine eller har eit publikum på 60 000 rundt deg. Det er berre å kline ballen i eit av kryssa i ca. 150 km/t. Då blir det mål. Vanskelegare enn som så er det ikkje.
Fotballspelar og keeper. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stemmer ikkje det? Det er eit problem, seier du? Sjølv om vi ser foten, ballen og målkrysset, veit vi at det skal mykje trening til for å få det til. Slik er det også med teikning og skisseteikning.

Vi ser referansen, vi ser blyanten og handa. Men strekane går ikkje der vi ønskjer. På same måten går ikkje ballen i krysset heller. Nokre gonger treffer vi på rein flaks eller tilfeldigheit. Etter kvart vil dette skje oftare og oftare at det ikke BERRE er flaks og tilfeldig lenger. Og til slutt bommar vi like sjeldant som vi trefte til å byrje med. Så kan vi byrje å trene på å treffe krysset i nye situasjonar, som springande med ein back som pressar deg hardt.

På same måten kan vi teste ut nye teikneteknikkar. Jo meir du held på med denne forma for øving og repetisjon, jo betre blir du. Du kjem langt med å ha denne tilnærminga når du jobbar med idéutvikling med skisser.

Grovskisser i idéutvikling

Visualisering av idear gjennom bruk av grovskisser kan alltid vere nyttig, til og med om du skal lage lydproduksjonar. Visualiseringar hjelper deg til å sjå andre sider ved ein idé enn dei du klarer å tenkje på eller beskrive. Visualisering vil som regel drive idear vidare. Frimerkeskisse (engelsk «thumbnail sketches») går ut på å lage mange skisser med utgangspunkt i same idé. Etter kvart som du lagar fleire og fleire skisser, trer former og mønster fram, og ideen blir tydelegare. Frimerkeskisser blir ofte brukte for å drodle fram visuelle uttrykk i grafisk design.

Slik lager du frimerkeskisser (Video på Youtube med engelsk tale)

Moodboard eller stemningsplansje

Eit moodboard eller ein stemningsplansje er ein kollasj av visuelle uttrykk som sirklar rundt same tema. Oppsettet av elementa kan vere meir eller mindre stramt eller tilfeldig. Eit moodboard blir brukt i kreative prosessar for å skape eit stemningsrom rundt ein idé. Poenget er å gi retninga for kjensla du ønskjer å fange, eller forteljinga du vil fortelje, når ideen blir realisert. Eit moodboard kan bli laga fysisk eller digitalt.

Mange ulike bilete limt opp på ei tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre gode råd til slutt

  • Bruk stoppeklokke og hald deg til tida.
  • Bruk tid etter kvar økt til å skrive ned dei idéane du hugsar best. Bruk tid til å dokumentere idéutviklingsprosessen, anten du jobbar aleine eller saman med andre.
  • Fortel om idear til familie og vener, få innspel og juster. Då utviklar ideane seg vidare.
  • Set ein frist for når du skal bestemme deg for kva idé du skal jobbe vidare med.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Per Henning Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Idéarbeid og kreativitet