Hopp til innhald

Fagstoff

Idéar og idéutvikling

Det kan vere vanskeleg å begripe kva ein idé er. Arbeidet med å utvikle ein idé kan derfor vere ein langvarig og uthaldande prosess, der mange menneske er involverte.
Ein skjeggete mann med raud lue og barokk frakk står midt i ein trykkjeverkstad og betraktar eit nytrykt ark. Ein annan plukkar bokstavar i ei setjekasse, og ein tredje strammar ei stor og massiv arkpresse i tre. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å skape og formidle idéar

Du har sikkert erfart kor vanskeleg det er å fortelje om ein draum. Når du set ord på ein draum, kjem ofte forteljinga ut forenkla, fargelaus og utan alle detaljane som gjorde han til den fascinerande opplevinga du får lyst til å dele med andre. Det same skjer med idéar.

Opplevinga av å få ein idé er strålande, som om ei lyspære blir tend inne i hovudet. Men idet du skal fortelje nokon andre om idéen din, er det som om han mistar gløden.

Orda strekk på eit vis ikkje til når vi skal beskrive idéar. Det er noko av grunnen til at det å jobbe fram ein idé er hardt og tidkrevjande, og det er grunnen til at gode idéar sjeldan blir utvikla av éin person åleine. Sjølv om det òg her finst unntak.

Vitskapsmenn, smarte oppfinnarar og medarbeidarar i reklamebyrå jobbar alle med idéutvikling. Å tenke ut gode idéar, sjå samanhengar som ikkje andre ser, og å sjå høvet til å vidareutvikle idéar er ulike sider ved idéutvikling.

Profesjonell idéutvikling handlar om evna til å formulere og konkretisere idéar og å prøve ut og lande gode løysingar.

Banebrytande idéar og oppfinningar

Sjå for deg at du sit på ein lyspartikkel ute i verdsrommet. Lukk gjerne auga, og bruk fantasien din til å setje deg inn i situasjonen. Hjernen vår er ganske fantastisk, han kan brukast til å førestille seg scener, opplevingar og idéar.

Ein person som er spesielt kjend for banebrytande idéar, er Albert Einstein. Han brukte mykje tid på å tenke seg det umoglege, få idéar og sjå samanhengar ingen hadde sett før han. Til dømes førestilte han seg å sitje på ein lyspartikkel i verdsrommet, og det hjelpte han med å komme fram til den berømte formelen E = mc2, som forklarer samanhengen mellom energi, lysfart og masse. Einsteins forklaring fortel oss meir enn vi visste frå før om universet, altså om grunnlaget for at det eksisterer menneske på jorda.

Ein liknande banebrytande idé, som oppstod for litt over 500 hundre år sidan, er at det er sola som er sentrum i universet vårt. Til då hadde dei fleste vore overtydde om at det var jorda som utgjorde midtpunktet til universet. Men nokre få menneske, mellom andre Kopernikus og Galilei, hadde ein idé om at jorda gjekk i bane rundt sola og roterte rundt sin eigen akse. Dei prøvde på ulike måtar å forklare og få andre til å forstå idéen. Det tok mange år og mange konfliktar før det vart vanleg å akseptere det kopernikanske verdsbiletet.

Klima for utviklinga og etableringa av ein idé må vere til stades, og idéberaren, anten det er ein enkelt person eller eit team, må ofte jobbe hardt og systematisk for å bryte gjennom og overtyde andre om at idéen er haldbar. I tillegg må andre politiske og teknologiske rammer gjere det mogleg å omsetje idéen i praksis. Trykkpressa til Gutenberg og Tim Berners Lees the World Wide Web er begge revolusjonerande idéar og oppfinningar som har endra historia.

Eit nytt design kan vere løysinga

Åtte gjennomsiktige kulepenner i plast stikk opp av eit glas. På toppen er det eit plastlokk som viser fargen på blekket: svart, raudt, grønt eller blått. Foto.

Eit verktøy du mest sannsynleg bruker til kvardags, og som du kanskje ikkje tenker så mykje over, er kulepennen. Kulepennen vart funnen opp av den ungarske journalisten László József Bíró. Han beit seg merke i at trykksverta tørka raskt på nytrykte aviser. Det gjorde ikkje blekket i fyllepennar, som var vanlege å bruke på den tida. Derfor vart det mykje søl. Saman med broren, som var kjemikar, fann han ei løysing. Ei kule i enden av eit lite røyr rullar mot arket og overfører blekk frå ein behaldar i pennerøyret. Brørne patenterte oppfinninga i Paris i 1931 og i USA i 1943.

I 1945 kjøpte Marcel Bich patentet på kulepennen, han etablerte eit selskap for utvikling av mekaniske pennar og fekk eit profesjonelt team til å utvikle eit brukarvennleg og kostnadseffektivt design. Eit gjennomsiktig, sekskanta røyr gjer pennen god å halde i og viser samtidig kor mykje blekk som er igjen. Ved å bruke plast gjorde dei pennen lett av vekt og billeg å produsere, og dei kunne selje han til låg pris. Kula som fordeler blekket, gjorde dessutan at griseri i skrivearbeidet ikkje lenger var eit problem.

Historia om kulepennen viser at arbeidet med å utvikle ein idé, skape eit design og gjere det kjent kan vere ein langvarig og uthaldande prosess, der mange menneske er involverte. Ein idé oppstår, blir delt og kanskje registrert på patentkontoret. Han blir utforska og testa ut. Nokre idéar blir forkasta, mens andre blir realiserte og blir ein del av kvardagen vår.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2021

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål