Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk ulike teknikkar for idéutvikling

Prøv ut ulike idéutviklings-metodear for å stimulere kreativitet og skape fleire idear.
Tre sett med hender peikar og skriblar på eit tankekart. På bordet  rundt er ein kaffekopp og pennar i ulike fargar. I boblene på tankekartet er det ord som «product», «name» og «service». Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: ABC-metoden

Bruk ABC-metoden for å skrive ned saker eller emne som er relevante for ei bestemt tid på året. Du kan velje ei høgtid (som påske, jul, id), ei årstid (vinter, vår, sommar, haust), eller ei fast årleg storhending.

  1. Gjer klart ABC-skjemaet ditt, og set av 15 minutt til å fylle ut flest mogleg ord.
  2. Få ein klassekamerat til å plukke ut fem ord blant dei du har skrive ned.
  3. Vel så ut to av dei orda klassekameraten din har valt.

Relatert innhald

ABC-metoden er ei enkel øving du kan bruke for å kome på mange og varierte idear.

Oppgåve 2: tankekart

Bruk eit tankekart til å myldre fram ein idé om korleis ein kan få elevar til å inkludere kvarandre sosialt i skulekvardagen. Bruk 10 minutt åleine og 10 minutt saman med ein eller to andre. Hjelp kvarandre med å byggje ut tankekarta.

Relatert innhald

Brainstorming er ei enkel øving for å kome på flest mogleg idear, bli trygge på kvarandre og få i gang prosessar for idéutvikling.

Oppgåve 3: rollespel

Gå saman to og to. Bruk metoden «pessimisten versus optimisten» til å myldre fram tre idear til design av ein emballasje for anten mjølk eller ein drikk laga av bær, til dømes jordbærjus, bringebærnektar eller blåbærsaft.

  1. Optimisten startar og føreslår fenomenale løysingar.
  2. Pessimisten har ansvar for å finne utfordringane i dei fenomenale ideane.
  3. Etter 5 minutt byter de om på rollene.
  4. Byt grupper og gjer same runde ein gong til.
  5. Notar ned pluss- og minusfaktorane som kom fram i dialogen, slik du hugsar det.

Relatert innhald

Rollespel kan brukast i utviklinga av ein idé. Her finn de døme på rollespel de kan bruke i utvikling av idear.

Oppgåve 4: visualisering av idé med fyrstikkskisser

  1. Vel ein idé som kom fram då du jobba med tankekartet.
  2. Teikn fem fyrstikkskisser.
  3. Plukk ut ei skisse og vis ho til ein klassekamerat.
  4. Forklar skissa, og grunngi kvifor du valde nettopp denne.

Relatert innhald

Oppgåve 5: stemningsplansje

Vel ei årstid og lag ein stemningsplansje (moodboard) som illustrerer forholdet ditt til denne årstida. Ikkje bruk ord, bruk berre visuelle element. Du kan gjere det med saks og papir eller digitalt. Avtal med læraren korleis du skal presentere stemningsplansjen din.

Stemningsplansjen er sett saman av mange små bilete og teikningar. Alle viser bilete eller teikningar av menneske eller kroppsdelar i ulike positurar eller perspektiv. Det er alt frå bilete av linedance, gamle tresnitt av barokk selskapsdans og aktteikningar til kinesiske måleri og stillbilete frå film. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Idéutvikling og kreative metodar