Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder kjeldene kritisk

Øv deg på kjeldekritikk.
Stor hand med forstørringsglas over liten mann med snakkeboble. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Kjeldekritisk vurdering av nettsider

Gå på jakt etter ein nettstad eller ei nettside der du finn informasjon som du meiner ikkje er til å stole på.

Grunngi kvifor du meiner at informasjonen på denne nettstaden eller nettsida ikkje er til å stole på. Bruk gjerne TONE her.

Del det du har komme fram til, med ein medelev og deretter med heile klassen.

Oppgåve 2: Lag ein test

Gå saman i par.

  1. Finn fire nyhende eller annan informasjon om ein sak de er opptekne av. To av nyhenda/informasjonen skal vere sanne, og to skal vere usanne eller falske.
  2. Lag ein test med utgangspunkt i desse nyhenda eller informasjonen, der de ber medelevane dykkar vurdere om dei er sanne eller usanne. Verktøy de kan bruke er Kahoot, Mentimeter eller liknande verktøy.
  3. Skriv ei vurdering av medelevane si evne til å skilje mellom usann og sann informasjon ut frå gjennomføringa av testen.
  4. Gjer den same testen på foreldra dykkar.

    • Kven har best evne til å skilje mellom sann og usann informasjon – medelevar eller foreldre?
    • Gjennomfør ein liknande test med personar du treffer på gata i lokalmiljøet.
    Kva blei resultatet?

Oppgåve 3: Lag ein chat

Gå saman i ei gruppe på tre elevar. Saman skal de lage ein chat der temaet er sann og usann informasjon i sosiale medium. Det skal komme tydeleg fram i chatten at de er engasjerte elevar, og at de kan mykje om kjeldekritisk vurdering av ulike informasjonskjelder, ikkje minst sosiale medium.

  • Chatten skal innehalde konkrete døme på sann og usann informasjon i sosiale medium, og kva ein bør gjere for å kjeldekritisk vurdere ulike informasjonskjelder.
  • Del chatten med resten av klassen, gjerne ved hjelp av skjermdumpar, og be om tilbakemeldingar på om de er engasjerte og om kva de kan om kjeldekritisk vurdering av ulike informasjonskjelder.
  • Spør medelevane om korleis engasjementet kjem fram, kva de kan om kjeldekritisk vurdering av ulike informasjonskjelder og om døma er gode.
  • Gi til slutt ei eigenvurdering i gruppa av chatten.
CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Kjeldekritikk