Hygiene

Ordet hygiene kjem av det greske ordet hygieia, som betyr «sunn». Vi blir dagleg utsette for mikroorganismar som kan gjere oss sjuke. Derfor er det viktig å byggje opp og halde ved like eit godt immunforsvar. Du treng kunnskap om og gode haldningar til hygiene, slik at du kan førebyggje smitte og ta vare på både di eiga og andre si helse.
SmittekjedaOpphavsmann: Knut Høihjelle
Personleg hygieneOpphavsmann: logos
Hygiene på jobbOpphavsmann: snokid
Hygiene før og noOpphavsmann: © SXC. HAAP Media Ltd., Sandra Cunningham
Hygiene på kjøkkenetOpphavsmann: © SXC. HAAP Media Ltd., Colour
Reint vatn gir god hygieneOpphavsmann: © SXC. HAAP Media Ltd., Erik Reis
«Hygiene er halve helsa.»
(Libanesisk ordtak / www.ordtak.no)
I dag er bad og dusj fleire gonger i veka ein sjølvsagd tingOpphavsmann: Mari Carmen Guinovart
«Å vaske seg – det er slettes ikke godt.
Børsten er bustet, og vannet er så vått.
Nei, skrubb og børste og såpevann er ikke noe for en røvermann.»
(Frå Folk og røvere i Kardemomme by
av Torbjørn Egner / www.ordtak.no)
Tenk over
Hygiene handlar om ulike tema, og desse er symboliserte med bilete i kolonnen til høgre.
- Lag eit tankekart for kvart av temaa. Kva har du lært om desse temaa på ungdomsskolen?
Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært? - Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
- Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen, eller du kan lage ein eigen plan for deg sjølv.
- Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire av bileta på sida.
- Diskuter kva sitata over betyr.
