Hopp til innhald

Fagstoff

Fôring og stell av fjørfe

Fjørfe er utsatt for sjukdom, så god hygiene er svært viktig i alt fjørfehald. Det vanlege i slike produksjonar er derfor å praktisera system med «alt inn – alt ut» – det vil seia at alle dyra som vert sette inn i eit rom, er på same alder, og dei vert tekne ut samtidig.
Slaktekylling et. Foto.

Mellom innsetta må romma gjerast grundig rein. Men fjørfe er også utsette for fleire alvorlege smittsame sjukdommar. I tillegg til å reingjera husa må vi unngå at smitte vert overført med menneske og dyr, andre fuglar eller artsfrendar. For å hindra smitte av sjukdommar er det strenge restriksjonar ved import av fjørfe over landegrensene.

Temperatur

Nyklekte kyllingar må ha ein temperatur på minst 30 gradar dei første dagane etter klekking. Deretter vert temperaturen gradvis trappa ned, men verpehøns og slaktekyllingar skal ikkje ha mindre enn 20 grader der dei oppheld seg.

Lysprogram

Fjørfe vert – som andre fuglar – sterkt påverka av lys, både lysstyrke og daglengde. Derfor er det utvikla spesielle lysprogram for kyllingar og unghøner som skal verta til verpehøns, og for slaktekyllingar.

Å myta

Driftsbygning for produksjon av slaktekylling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tidlegare tider var det vanleg å ha hønene i minst to år, gjerne fleire. I så fall tok dyra ein pause i verpinga etter om lag eitt år. Då skifta hønene fjør, slik alle fuglar gjer. Det kallar vi å myta. På den tida då det ikkje vart brukt kunstig lys, skjedde denne mytepausen i mørketida om vinteren.

Kraftfôrblandingar

Frå naturen si side er fjørfe altetarar, og dei føretrekkjer fôr som er på storleik med korn eller mindre enn det. I kommersiell fjørfeproduksjon vert både slaktekyllingar, ungdyr som skal verta verpehøner, og produserande verpehøner fôra med spesialkomponerte kraftfôrblandingar.

Spesialisert produksjon

Verpehøner i innredet bur, ope bur. Foto.

Moderne fjørfeproduksjon så spesialisert at vi vanlegvis veit kva vi kan forventa når det gjeld inntak av fôr og vatn, tilvekst hos slaktekyllingar eller eggproduksjon hos verpehøns. Det er utvikla diagram og dataprogram som gjer det mogleg å registrera fôrforbruket og ytinga hos dyra, og å samanlikna det med det som er forventa. Ofte kan avvik i mengda vatn som dyra bruker, vere den første indikasjonen på at noko ikkje er som det skal vera i ei fjørfebesetning. Dersom vi oppdagar vesentlege avvik, bør vi straks undersøkja kva som er gale, og retta det opp.

Finn ut meir:

Få tak i eit lysprogram for ei fjørfebesetning du kjenner, og finn ut følgjande:

  • Kva er den kortaste og den lengste daglengda som vert brukt, og kor gamle er dyra når dei har desse daglengdene?
  • Korleis vert daglengda endra?

Finn ut kva kraftfôrblandingar som vert brukte i ei besetning du kjenner til.

  • Kva er spesielt med innhaldet av mineral i fôrblandingane som er berekna for verpehøns, samanlikna med fôr som er berekna for kyllingar? Kva er bakgrunnen for denne forskjellen?

Studer ein produksjonsrapport frå ei fjørfebesetning du kjenner.

  • Er fôrforbruket per kg tilvekst godt eller dårleg samanlikna med andre besetningar?
  • Kva kan vi gjera for å påverka fôrforbruket og ytinga?
  • Er dødelegheita normal? Dersom ikkje, kva kan det koma av?

Hugselappen


God hygiene er viktig fordi fjørfe er utsett for sjukdom.

Fjørfe er avhengig av riktig temperatur.

I hønsehus vert lyset regulert etter produksjonen – om det er kylling- eller eggproduksjon.

Fjørfe vert fôra med spesialutvikla kraftfôrblandingar.

I moderne hønsehus følgjer ein produksjonen nøye gjennom dataregistreringar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2017

Læringsressursar

Fjørfe