Hopp til innhald

Fagstoff

Justere lys og fargar

Dei fleste bilete har som regel godt av ein liten korrigering av lys og fargar. Her gjer ein bilete lysare eller mørkare og fiksar eventuelle misfargingar eller fargestikk.
Brukergrensesnitt raw-import. Grafikk.

Om vi har eit raw-bilete frå eit spegelreflekskamera, vil vi gjere lys- og fargejusteringar under importeringa av biletet.

Nivåjustering gir oss kontrast og lysstyrke

Båt på sjøen og mann som solar seg på svaberg. Foto.

Justering av nivå (levels) er den enklaste måten å endre kontrast og lys i biletet på. I Photoshop nyttar vi justeringslag for å justere nivå. Det ligg eit lite sirkelikon nedanfor lagpaletten der ein kan velje dette verktøyet.

Båt på sjøen og mann som solar seg på svaberg. Foto.

Eit histogram syner oss korleis biletdataene fordelar seg mellom mørke og lyse tonar. Om det ikkje er utslag til høgre, tyder det at ingen pikslar i biletet er heilt kvite. For å få betre spenn i lyssettinga ønskjer vi ofte å justere oss innover frå kantane til dit kurva startar. Midtpunktet justerer vi for å få heile biletet lysare eller mørkare.

Fargejusteringar kan gjerast på ein fargekanal om gongen

Vi har verktøy for å justere nyanse, metning og lysheit i bileta våre. I videoen går dei rett på menyen slik ein må gjere det i pixlr.com/editor. Men nyttar du Photoshop til biletbehandling, vil vi heller tilrå at du vel den same funksjonen som justeringslag under lagpaletten for å kunne justere desse innstillingane på eit seinare tidspunkt i biletredigeringa.

CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2018

Læringsressursar

Biletredigering