Hopp til innhald

Fagstoff

Kognitiv utvikling

Kognitiv utvikling handlar om tankeutviklinga. Vi kan òg nytte omgrepet intellektuell utvikling. Barnet utviklar seg i eit gjensidig samspel med arv og modning på den eine sida og miljø og læring på den andre sida.
Nærbilete av ansiktet til eit barn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når eit barn er nyfødd, er det veldig mottakeleg for sanseinntrykk. Det greier å forstå det som er konkret og som det ser, smaker eller luktar. Den responsen barna får frå omgivnadene, er viktig for kva dei forstår. Etter kvart som barna har gjort seg erfaringar, skjønnar dei meir kva som skal til for å få det dei ønskjer tilbake frå omgivnadene.

Kognitiv psykologi

Kognitiv psykologi hevdar at menneske utviklar seg i stadium. Kvart stadium er forskjellig frå dei andre, og barna har etter kvart som dei utviklar seg, ulike føresetnader for å forstå verda rundt seg. Barn treng opplevingar, og gjennom nye erfaringar blir barna utfordra til å tenkje nytt, og på den måten lærer dei.

Jean Piaget, ein sveitsisk barnepsykolog, har prega synet på den kognitive utviklinga hos barn. Han meinte at utviklinga skjer i stadium, og at kvart stadium hadde visse særtrekk knytte til fysiske føresetnader – slik som arv. Han la vekt på at barnet lærer av dei erfaringane det gjer ved å nytte sansane sine, og ved å nytte kroppen aktivt når det utforskar omgivnadene. Læring skjer i ein balanse mellom påverknad frå omgivnadene på den eine sida, og at barna aktivt prøver ut det dei har rundt seg til dagleg. Barna har lært når dei tek i bruk den nye kunnskapen.

Ein gut som tenkjer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Piaget delte utviklinga inn i fire stadium

Sensomotorisk fase (0–2 år)

I denne fasen utviklar barnet evna til å forstå årsak–verknad. Eit klassisk døme er bamsen som er borte under dyna. Dei første gongene du leiker det med eit lite barn, trur barnet at bamsen er borte. Etter kvart forstår det at bamsen berre gøymer seg under dyna, og korleis det skjer. Uttrykket "ute av auge, ute av sinn" passar for denne aldersgruppa.

Preoperasjonell fase (2–7 år)

Barnet utviklar ei forståing for symbol. Språket er eit døme på ein symbolsk funksjon. Dei kan leike med ein legokloss, men i leiken er han eit fly. Seinare ut i fasen er tenkinga prega av at det dei ser, er det som blir viktig for dei. Dei kan ha vanskeleg for å sjå ting frå fleire sider, og dei har vanskeleg for å tenkje både framover og bakover i tid.

Konkret operasjonell fase (7–11 år)

Barnet er til stades og opplever der og då det som skjer. Barna byrjar å tenkje meir logisk og dei kan utføre det dei tenkjer på. Dei er òg meir opptekne av korleis ting heng saman og verkar. Dersom dei faktiske forholda ikkje stemmer med verkelegheita, vil barnet fortolke verkelegheita slik at ho stemmer med eigne opplevingar.

Formell operasjonell fase (frå ca. 12 år)

I denne fasen er barnet blitt i stand til å lausrive seg frå dei konkrete gjenstandane og dei konkrete samanhengane når dei tenkjer. No kan barna lage seg teoriar og tenkje på verdiar, politiske og samfunnsrelaterte spørsmål og ha eigne meiningar. Dei kan tenkje kritisk, og dei vurderer det dei veit, på ein ny måte. Denne perioden er viktig for utviklinga av personlegdommen.

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Utvikling heile livet