Hopp til innhald

Fagstoff

Gjerningsmannen er sjeldan kvinne

Sjølv om fleire kvinner blir tekne for lovbrot no enn for få år sidan, er kvinnelege «gjerningsmenn» framleis sjeldne. Av dei straffa personane i 2014, med opplysningar om kjønn, var 215 295 menn og 66 018 kvinner. Omkring kvar fjerde straffa var altså ei kvinne.
Hånd mot et fengselsvindu. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein gjennomgang av ulike typar lovbrot viser at dei lovbrota kvinner blir sikta for, generelt sett er mindre grove enn dei lovbrota menn blir sikta for. Det har likevel vore ein klar auke av lovbrot utført av kvinner sidan byrjinga av 1980-åra, då kvinner stod for i underkant av sju prosent av lovbrota. Utviklinga synest å ha flata ut dei siste åra.

Som for menn er det i aldersgruppa 18–21 år vi finn størstedelen av kvinnene som er sikta. Men samanlikna med menn er det relativt fleire sikta blant dei yngste. I aldersgruppa 5–14 år er 31 prosent kvinner (2014).

Kvinner gjer seg skuldige i vinnings- og narkotikalovbrot

Prosentdelen av kvinner varierer mykje for dei ulike typane lovbrot. Særleg er talet på kvinner høgt når det gjeld vinningskriminalitet, til dømes simpelt tjuveri og naskeri. Her er det særleg unge jenter som dominerer. I aldersgruppa 11–14 år er det om lag like mange sikta jenter som gutar (2004). Her er det viktig å skilje mellom «sikta» og «straffa», sidan denne aldersgruppa er under den kriminelle lågalderen. Også dokumentfalsk, underslag, bedrageri og bruk av narkotika, er «typisk» kvinnekriminalitet. Men når det gjeld desse lovbrota, er kvinnene noko eldre.

Generelt ser vi ein klar tendens til at blant dei straffa er prosentdelen kvinner høgst for dei minst alvorlege lovbrota, og at talet blir redusert di grovare lovbrotet er – både for tjuveri og narkotikabrotsverk. Det same gjeld òg vald, men prosentdelen kvinner som blir straffa for drap, er eit unntak.

Få kvinner bak murene

Av alle fengsla i 2013 var i overkant av 95 prosent menn. Det er om lag den same prosentdelen som i dei elleve føregåande åra. Kvinner får noko kortare fengselsstraffer enn menn. For 25 år sidan var 3 prosent av dei fengsla kvinner.

Teksten er ein forkorta versjon av artikkelen Gjerningsmannen sjelden kvinne fra heftet "Dette er Kari & Ola. Kvinner og menn i Norge"[1] , og er blitt oppdaterte med nyare tal.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Toril Sandnes og Jan Erik Kristiansen. Rettshavar: Statistisk Sentralbyrå
Sist fagleg oppdatert 24.10.2018

Læringsressursar

Kriminalitet