Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsområdet i eit videoredigeringsprogram

Dei fleste profesjonelle videoredigeringsprogramma er organiserte slik at du jobbar med fleire ulike vindauge samstundes når du redigerer filmen din.
Vindu i videoredigeringsprogrammet Adobe Premiere Pro. Skjermdumper.

Vindauge i videoredigeringsprogrammet

  • Kjeldevideo
    Om du dobbeltklikkar på eit klipp, ei lydfil eller eit bilete i prosjektvinduet ditt, blir dette synleg i vindauget for kjeldevideo.
  • Visingsvindauge
    Det er i visingsvindauget du ser det du har redigert i tidslinja.
  • Prosjektvindu
    Her finn du alle klippa dine, musikken, bileta etc. som du har lagt inn i redigeringsprogrammet.
  • Tidslinje
    Tidslinja består av både videospor og lydspor. Det er i tidslinja du set råmaterialet saman til ein ferdig film.

I tillegg til desse vindauga er det vanleg å ha eit eige vindauge for verktøy og for lydmeter.

Innpunkt og utpunkt

Når du har opna eit videoklipp i kjeldevideo-vindauget, kan du velje kva delar av klippet du ønskjer å bruke, ved å setje innpunkt og utpunkt. På dei fleste redigeringsprogramma finst det snarvegar på tastaturet for dette. Trykkjer du (i), set du innpunkt, trykkjer du (o), set du utpunkt. Når du har valt det området av klippet du ønskjer å bruke, kan du dra det ned i tidslinja og plassere det der du måtte ønskje.

Prinsippet med innpunkt og utpunkt går att i dei fleste redigeringsprogramma, og i denne videoen kan du sjå korleis det blir gjort i redigeringsprogrammet Adobe Premiere Pro:

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Verktøykasse IM