Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gjer lydopptak

Hand som held mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  • Ta opp fem miljølydar. Kvart lydopptak skal vare i ca. 1 minutt.
  • Ta opp ti effektlydar. Kvar lyd skal vare frå 1 til 5 sekund.
  • Lytt deretter til opptaka i klasserommet. Dei andre elevane skal gjette kva lyden er, og kvar han er teken opp.

Oppgåve 2

Lag ei lydforteljing ved hjelp av miljølydar, effektlydar, dialog og musikk. Fortejlinga skal vare i ca. eitt minutt. Forteljinga kan handle om dagligdagse hendingar, som å stå opp og ete frukost, eller noko dramatisk, som når nokon blir påkøyrd og køyrd til sjukehuset for behandling.

CC BY-SASkrive av Gjert Meling og Dag Øverland.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Auditive medium