Hopp til innhald

Fagstoff

Format for annonsar og reklamefilm

Når du skal lage reklame, må du halde deg til bestemte format. Det vil seie at det finst rammer for storleiken eller lengda på ein reklame som skal publiserast.
To personar passerer reklame for McDonald's. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du skal publisere ein reklamefilm på YouTube, få ein annonse på trykk i ei avis eller leggje inn ein nettannonse på FINN.no, er det første kravet du møter, at reklamen må tilpassast det formatet desse kanalane krev.

Ein rammefaktor er også ofte prisen ei bedrift må betale for å publisere reklamen. Oppdragsgivaren din har eit visst budsjett å følgje for marknadsføring, og budsjettet avgjer lengda på reklamefilm og kor mange versjonar og visingar han skal ha, og storleiken og tal på variantar og visingar av annonsar.

Format på reklamefilm

Det er vanleg å lage reklamefilmar slik at dei kan visast i fullversjon, kortversjon eller kort kortversjon, alt etter kor mange reklamesekund ein er villig til å betale for, eller kor mange sekund ein har tilgjengeleg. Det finst bestemte avgrensingar på lengda ein reklamefilm kan ha for vising på TV. Reklame på TV 2 kan vere på 10, 15, 20, 25, 30, 35, 40, 45, 50, 55 eller 60 sekund. For YouTube er lengda 12–60 sekund for videoannonsar som kan hoppast over (skip-funksjon), og 15, 20 eller 30 sekund for videoreklame som ikkje kan hoppast over.

På YouTube lastar brukaren opp sin eigen videoannonse. Oppskrifta finn du her: Last opp eigen videoannonse på YouTube

Tenkjepause

Sjå reklamefilmen og diskuter med ein klassekamerat:

Reklamevideo for Ferrari på Youtube

  • Korleis vil de få denne reklamefilmen til å passe inn i eit 20 sekunds format?
  • Kva vil de kutte ned på?
  • Korleis sikrar de at de held fast på hovudføremålet med reklamen: å få mottakaren til å få lyst til å kjøpe ein Ferrari?
Ein såkalla "gif" som viser ei rognkjekse som rører på seg i ein nettannonse. Til høgre for rognkjeksa ser vi tittelen "Vekk lærelysten hos små og store!" og logoen til Akvariet i Bergen. Lengst nede i annonsen er det informasjon om opningstidene til akvariet. Animasjon.

Annonseformat i avis og på nett

Alt som skal på trykk i ei avis, må tilpassast spaltebreiddene i avisa. Nokre avissider har fem spalter, andre seks. Avisannonsane kan variere frå små ein- eller tospaltarar (rubrikkannonsar) til store, heilsides oppslag. Prisen på ei avisannonse er avhengig av spaltebreidde, millimeterhøgd og kor i avisa annonsen skal stå.

Ein enkel avis- eller nettannonse består ofte av eit bilete av eit produkt saman med ein tekst. Ofte fortel teksten oss kva produktet kostar, og kor ein kan få kjøpt det, andre gonger underbyggjer teksten innhaldet i biletet. Større annonsar inneheld meir forseggjorde reklamefotografi og kan også ha tekstar som forklarer kvifor vi må kjøpe akkurat dette produktet. Ukebladannonsar som blir trykte på glansa papir, nyttar som oftast profesjonelle bilete i høg oppløysing.

Annonse for Akvariet i Bergen. På toppen er biletet av ein koffertfisk. Under følgjer tittelen "Hvorfor er koffertfisken spesialbagasje?" og denne teksten: "I tillegg til å ha et solid panser (Samsonite har mye å lære her), er Koffertfisker (Ostraciidae-familien), også giftige. De skiller ut et skum fra huden som andre fisker bør holde seg unna. Dette kan jo være en utfordring i et akvarium. Men hos oss lever det flere arter fredelig sammen med koffertfisken! På Akvariet er det først og fremst gøy å være for små og store, men husk at du alltid risikerer å vekke LæreLysten!" Vidare følgjer logo, adresse og opningstider for akvariet. Faksimile.

Eksempel på annonseformat

Dei fleste aviser har ei annonseavdeling som lagar enkle annonsar på oppdrag frå annonsørane. Reklameannonsar blir gjerne utforma av reklamebyrå, eller PR-avdelingar i bedriftene sjølve.

Oktan Orangeriet laga annonsar for Akvariet i Bergen både for trykk og publisering på nett.

Annonsen til venstre er spesielt utforma for det trykte magasinet Barn i byen. Sjå annonsen på s. 7 i denne digitale utgåva: Barn i byen

Kor mykje trur du det kosta å setje inn denne annonsen i magasinet?

Annonsar på Google-søk

Gjer du eit Google-søk på for eksempel Akvariet i Bergen, vil den øvste visinga mest sannsynleg vere merkt med «annonse». Dette er, som du forstår, ei betalt opplisting. Gjer du eit søk på for eksempel hotell i nærleiken av skulen din, vil du sjå at det kjem opp annonsar for ulike hotell.

Annonsar på FB

I guiden for annonseformat på FB står nødvendig informasjon for å lage annonsar og banner på FB.

Rettleiing for annonser på Facebook

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon