Hopp til innhald

Fagstoff

Annonse, radiospot og reklamefilm

Annonsar, radiospot og reklamefilm er etablerte sjangrar i marknadsføring. Målet med all reklameverksemd er å informere forbrukarane om eit produkt eller ei teneste, og å skape forventingar og behov som får kunden til å bruker pengar på ei vare eller ei teneste.
Mann i boblejakke står ute i snøen og drikk frå ein drikkeboks mens han blir fotografert. Fotografen bruker ei blitslampe med sølvparaply. Foto.

Reklame i ulike kanalar

Format og sjangrar er tilpassa den kanalen reklamen skal formidlast gjennom. Annonsar i aviser og magasin består av bilete og skrift. Nettannonsar kan òg innehalde levande bilete. Radiospotar er reklame i lydformat for radio, anten det er vanleg radio eller radio og podkast strøymd frå nett. Reklamefilmar blir viste på fjernsyn, kino, i nettavisar eller i sosiale medium.

Inntektene frå reklame sikrar jobbane til dei som arbeider i reklamebransjen. Men for mange mediebedrifter er inntekter frå reklameverksemd òg eit viktig tilskot for redaksjonell verksemd.

Annonsar

Ei annonse er ein betalt bodskap som blir gitt att i ei trykksak eller i eit nettbasert medium. Det er vanleg å skilje mellom reklameannonsar, salsannonsar og kunngjeringar. Ein salsannonse skal selje varer og tenester. Stillingsannonser og dødsannonser er ikkje reklame, dei er kunngjeringar.

Annonse for Akvariet i Bergen. Portrettet av ein steinbit står til venstre i annonsen. Til høgre står denne teksten: "Møt en typisk bergenser ... På Akvariet i Bergen møter du blant annet denne Flekksteinbiten. Arten er kjent for å ha det i kjeften (stort sett vennligsinnet, men kan bite godt fra seg) og tåler vær og kulde spesielt godt (den har frostvæske i blodet). Både bergensere og steinbit kan godt virke skremmende, men det er mest utenpå. Når man først blir kjent, har man en venn for livet. Velkommen til Akvariet." Logoen til akvariet er plassert nedanfor, og ein finn informasjon om åpningstidene. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over og diskuter

Studer annonsen Møt en typisk bergenser.

Korleis er visuelle og skriftlege element brukte for å få folk til å besøke Akvariet?

På Google og i sosiale medium blir annonsar skreddarsydde for brukarprofilen din. Ein brukarprofil er basert på den informasjonen du over tid har delt med andre på internett. Har du til dømes vore innom ein nettbutikk eller søkt etter ei vare på Google, kan du få annonsar frå leverandører av slike produkt i vekevis etterpå.

Elles finn vi annonsestoff dei i regionale abonnementsavisene, som Nordlys, Adresseavisen og Agderposten, på nett og på papir. Mange av desse avisene har eigne reklamebilag eller innstikk som består berre av reklame.

Lokalavisene har òg ein del annonsar. Laussalsavisene VG og Dagbladet vender seg til avislesarar over heile landet og eignar seg derfor i mindre grad til kunngjeringar og annonsering av lokalt tilsnitt.

Reklamespot på radio

Radioreklame er betalt annonsering i kommersielle radiokanalar som P4 og RadioNorge. Som oftast er det å lytte til radio ein sekundær aktivitet. Vi høyrer på radio mens vi held på med andre ting: når vi køyrer bil, når vi tek bussen, når vi lagar mat, og når vi går til frisøren. Sjølv om dei fleste ikkje lyttar så mykje til radio, er vi ofte i situasjonar der vi blir eksponerte for radioreklamen. Vi spring jo ikkje ut av frisørsalongen når reklameinnslaga kjem.

Kommersielle radiokanalar sender gjerne reklameblokkar tre til fire gonger per time. Ei reklameblokk består vanlegvis av fleire reklamespotar på 30 sekund som følger etter kvarandre. I radiospotar er det lyd som skaper bileta.

Ein radiospot er gjerne sett saman av

  • tale (monolog eller dialog)
  • miljølyd (kontentum)
  • effektlyd
  • musikk

Skal ein lage ein radiospot, er det aller viktigaste å ha ein god idé. Enkle dramatiseringar og humor er mykje brukt i radiospotar for å fange merksemda til lyttarane. Radio er eit flyktig medium. Vi har ikkje moglegheit til å "spole tilbake" for å få med oss bodskapen ein gong til. Derfor er det ekstra viktig at språk og bodskap i ein radioreklame er enkelt og lettfatteleg.

Tenk over og diskuter

Lytt til nokre av radiospotane på Showfabrikkens side "Lyddesign".

Vel eitt av døma i boksen "Radio- og podkastreklame" og fortel ein klassekamerat korleis tale, miljølyd, effektlyd og musikk i dette tilfellet er blitt brukte som verkemiddel for å selje noko.

Reklamefilm

Som i all reklame er formålet med reklamefilmen å skape merksemd rundt eit produkt eller ei teneste. På same måte som for radiospoten, fortel filmen ei historie med både byrjing og slutt. Ein god idé og ei god historie er alfa og omega. Reklamefilmen bruker dei filmatiske verkemidla som i seriar og spelefilm, men i ei fortetta form.

Tenk over og diskuter

Sjå reklamefilmen til Toyota.

  • Kva er idéen bak denne filmen?
  • Kva skjer i byrjinga og slutten av reklamen?
  • Korleis prøver reklamefilmen å selje produktet?

Skildring av videoklippet: Excited About Driving. Bilreklame for Toyota RAV4. Ein mann sit i sofaen og raslar med bilnøklane. Hunden hans sprett opp og spring ut til bilen. Dei køyrer av garde og gjer mykje gøy saman ute i det fri. Kamerarørslene estetiserer bilen og set han i scene. Neste gong vi møter dei, er det hunden som raslar med bilnøklane. Musikken forsterkar synsinntrykket.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon