Hopp til innhald

Fagstoff

Oppløysing og biletformat

Når du skal gjere eit videoopptak, må du tenkje gjennom kva samanheng det skal brukast i, og deretter velje oppløysing og biletformat som passar til føremålet.
Illustrasjon som viser oppløysing i videobilete, HD 1080p/1080i, HD 720p, SD480p/480I. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opptaksformat

Opptaksformat for film handlar om kva oppløysing videobileta skal ha. Oppløysing blir målt i kor mange pikslar det finst i høgda og breidda i biletet. Ein piksel er ein farga firkant i biletet.

  • 720 x 576 = SD, blir kalla 576p
  • 1280 x 720 = halv HD, blir kalla 720p
  • 1920 x 1080 = full HD, blir kalla 1080p
  • 2K (2048 x 1080) = litt større enn full HD
  • 4K (4096 x 2160) = kinostandard

Når ein gjer opptak med eit enkelt spegelreflekskamera eller videokamera, er det mest vanleg å bruke oppløysinga 1920 x 1080, full HD.

Ein skil også mellom interlaced og progressive bilete. Interlaced lagrar berre halve biletet om gongen for å spare plass og blandar det med biletet som kjem etter. Dette går ut over biletkvaliteten. Filmar du progressivt, derimot, blir det lagra heile bilete, og du får ein høgare biletkvalitet. Bruk derfor alltid progressivt når du skal filme. Står oppløysinga på 1080p, filmar du progressivt, står det 1080i, filmar du interlaced.

Biletformat

Biletformat, eller «aspect ratio», som det heiter på engelsk, er forholdet mellom høgde og breidde i eit bilete. 16:9 er per i dag det mest vanlege storleiksforholdet på privatmarknaden. Den gamle standarden, som du kanskje hugsar frå TV-en til bestemor, er 4:3-biletformat. Breiare format enn dette er mest brukt på kino.

Rektangler som viser størrelsesforhold for ulike bildeformater, 4:3, 16:9, 2.35:1 og 1.85:1. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletfrekvens

Biletfrekvens blir målt i FPS, som er ei forkorting for «frames per second» (omsett: «bilete per sekund»). Historisk er 24 fps den mest vanlege biletfrekvensen. Dette er standard for analog film. For digital film er det 25 fps som er standard i Europa.

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Videoproduksjon