Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit storyboard

Ta utgangspunkt i ein synopsis og eit manus du har skrive. No skal du lage manuset om til eit storyboard.
Gut som som går mellom trehus og ser seg engsteleg tilbake. Teikning.

Du skal teikne eller ta bilete av:

  • forskjellige utsnitt
  • forskjellige kameravinklar
  • rørsler, anten det er karakterar eller gjenstandar i rørsle, eller kamerarørsler

Bruk piler for å illustrere rørsler. Bruk også tekstfeltet til tilleggsinformasjon som for eksempel kva utsnitt det er, om det er ei kamerarørsle, osv. Nummerer kvart einskilt bilete i storyboardet, og hugs å nummerere kvar side.

Du kan anten skrive ut Storyboardmal 1 eller Storyboardmal 2 og setje i gang med å teikne, eller du kan laste ned Celtx Shots på mobiltelefonen din og bruke dette verktøyet til å lage storyboardet. Samarbeid gjerne med ein klassekamerat.

Filer

Gruppevurdering

Gå saman i grupper på tre. Elevane i gruppa skal ikkje tidlegare ha samarbeidd om synopsis, manus eller storyboard.

  • Kvart gruppemedlem ber dei to andre i gruppa beskrive korleis dei ville ha filma den scena som er skildra i storyboardet.
  • Diskuter deretter:

    • Vil dette bli ein film som er i samsvar med den opphavlege ideen?
    • Om ikkje, kva informasjon manglar i storyboardet?
CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Videoproduksjon