Hopp til innhald

Fagstoff

Slik utformar du eit filmmanus

Når du har skrive ferdig ein synopsis, er tida inne for å gjere ideane om til eit manus. Då skriv du inn kor handlinga skal gå føre seg, kva som skal skje, og replikkane til karakterane dine. Det er no du verkeleg planlegg detaljane i filmen.

Om du nyttar eit vanleg skriveprogram, kan du velje skrifttypen Courier i storleik 12 og linjeavstand 1.5. Bruk ein god venstremarg. Framsida på manuset skal berre bestå av tittel, forfattar, dato for siste omskriving og kontaktinformasjonen din. Hugs å gi manusarka sidenummer.

Eit ark frå eit filmmanus. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inndeling av filmmanus

Vi kan dele eit filmmanus inn i tre ulike delar: Sceneoverskrift, handling og dialog.

Sceneoverskrift

Kvar scene skal ha ei sceneoverskrift som forklarer kor og når scena går føre seg, og eit scenetal. Første ordet seier om du er ute eller inne. EXT tyder ute (exterior), INT tyder inne (interior). Deretter skriv du kor scena finn stad. Til slutt skal det stå når på døgnet, DAG eller NATT. CONT tyder at scena held fram rett etter førre scene (continued).

Handling

Handling skriv du med små bokstavar. Beskriv alt. Alt må sjåast eller høyrast. Ikkje skriv «dei snakkar litt saman». Skriv all dialog, med mindre vi ikkje kan høyre kva dei seier. Når ein karakter dukkar opp første gongen, skal han eller ho presenterast med store bokstavar og med ein kort karakteristikk. Neste gong står han eller ho med vanlege bokstavar.

Dialog

All dialog skal ha god marg med plass til skodespelarane sine eigne notat. Skriv namnet på karakteren over dialogen med store bokstavar. Når vi høyrer karakterar vi ikkje ser, skriv vi «off screen» i parentes etter karakteren sitt namn, sånn: MARTIN (off screen).

Celtx og Scrivener er gratis manusprogram som gjer det svært lettvint å skrive eit filmmanus i standardoppsettet for bransjen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2017

Læringsressursar

Videoproduksjon