Hopp til innhald

Fagstoff

Ny teknologi

I ulike samanhengar snakkar vi ofte om ny teknologi, leiande teknologi eller morgondagens teknologi. Det er ikkje alltid like klart kva som høyrer til kvar i desse omgrepa, men det som er sikkert, er at den teknologiske utviklinga sørgjer for stadig nye moglegheiter, utfordringar og somme gonger også truslar.
Datahacking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei av oppgåvene til Datatilsynet er å sikre at ingen blir utsette for ulovleg overvaking. Dei godkjenner lagring av personopplysningar, bruk av overvakingskamera og andre tiltak der ein må ta omsyn til personvern.

Stadig oftare opplever vi dilemma der omsynet til personvernet for ærlege og fredelege menneske må vegast opp mot behovet for å kartleggje og avsløre kriminalitet eller terror.

Overvakingskamera

Eit av de synlegaste og sterkaste tiltaka er kameraovervaking. I dag må ein grunngi behovet for å få løyve til å bruke slike kamera. Sikring av butikkar og andre bygg eller offentlege samlingsplassar kan vere gode argument for å få slikt løyve.

Overvakingskamera kan også misbrukast. Eit døme på det er «skimming», der kriminelle med skjulte kamera filmar den personlege koden til kundar som er i ferd med å ta ut pengar frå minibanken.

Tv-overvåkning skilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skanning

Skanning av varer har utvikla seg frå passivt å lese av informasjon til å kommunisere aktivt innanfor heile verdikjeda. Skanning er sentralt i nye betalingsløysingar og kan vere knytte til biometriske data.

Når ein yrkessjåfør skannar ei pakke, kan han mellom anna få oppdatert informasjon om

  • køyreruta – til dømes om bilen ligg framfor eller etter planlagd rute, eller om det har komme nye oppdrag som endrar ruta
  • fakturering av både varer og distribusjon
  • bestilling av nye varer der utlevering og sal er kopla til system som bereknar nye behov, til dømes i daglegvarebransjen
  • reklamasjon og skadar som kan behandlast elektronisk på bakgrunn av informasjon som er lagra
Ungdomsgutt som datahacker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opne nettverk

Mange offentlege nettverk er opne, og andre kan lett opnast av erfarne hackarar. Offentlege nettverk kan brukast til å overvake datatrafikk og hente ut informasjon som kan brukast til å utføre kriminelle handlingar. Vi kallar dette fenomenet for «sniffing». Sidan vi dagleg omgir oss med ny teknologi, er det viktig at vi opptrer kritisk og vurderer dei vala vi gjer.

Eit nytt omgrep er «the Internet of things». Omgrepet viser til at fleire og fleire produkt som vi ikkje utan vidare set i samanheng med IKT, er kopla opp mot Internett. Eitt av mange døme er kjøleskap med webkamera som gir deg oversikt over innhaldet når du er i butikken.

«The Internet of things» gir mange moglegheiter, men det opnar høgst sannsynleg også for nye former for kriminalitet.

Kjelde: Bankkortet forsvinn - e24.no

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Trusselbilete