Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Foredrag om miljøsatsing i NSB

I denne oppgåva skal du lage ein presentasjon med temaet «NSB og miljø».
Kvinne skal reise med tog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NSB skriv på nettsidene sine:

«NSBs beste bidrag til et bedre miljø er å frakte mange passasjerer på en sikker, pålitelig og ressurseffektiv måte. Vi jobber for å tilby et reisetilbud som er sømløst, punktlig og effektivt inn og ut av de store byene, samt komfortabelt og attraktivt mellom de store byene.»

Gå inn på NSB.

Vel i menyen «Om NSB» og deretter «NSB og Miljø».

Her kan du setje deg inn i desse emna:

  • NSBs miljøpolitikk
  • NSB eit miljøvenleg selskap
  • Miljøregnskap (Last ned den siste rapporten og les side 2 til og med side 6.)
  • Strategisk miljøplan
  • Miljøtoget
  • Miljøkalkulator

Med utgangspunkt i eitt eller fleire av emna skal du lage ein presentasjon med temaet «NSB og miljø».

Du skal framføre presentasjonen for klassen.

Presentasjonsforma er valfri, men han skal vare 7–10 minutt.

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Transporttenester