Hopp til innhald

Fagstoff

Truslar i kvardagen

I arbeidet med omgrepet «trusselbilete» dreier det seg i stor grad om terror, ekstremisme og store, tragiske hendingar. Slik kan vi få ei kjensle av at førebyggjande sikkerheitsarbeid best kan handterast av dei som køyrer bilar med blålys eller ber våpen.
Politi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men det viktigaste sikkerheitsarbeidet er svært ofte det som skjer i regi av oss såkalla vanlege menneske. Vi må heile tida ta viktige val, anten det er i den enkelte verksemda, i heimen, i trafikken, på idrettsbanen eller andre stader der menneske møtest. Når vi står overfor slike val, kan vi ha nytte av å vurdere trusselbilete. Det gir oss kunnskap til å setje i verk tiltak for å hindre ulykker og tap av liv. Her er nokre døme:

Trafikksikkerheit

Du har tidlegare lese om arbeidet med å redusere alvorlege ulykker og dødsfall i trafikken. Dette er eit fareområde som omfattar absolutt alle nordmenn. Yrkessjåførane, som er dei som oppheld seg aller mest i trafikken, er naturleg nok spesielt utsette.

Dei siste åra har vi kunna glede oss over at det totale talet på drepne i trafikken har gått ned. Dessverre gjeld ikkje det bilførarar – der stiger talet framleis. Når vi veit at både bilar og vegar er blitt vesentleg meir trafikksikre, er det vanskeleg å forstå. Ungdom er aller mest utsett, og tiltaka frå myndigheitene som er sette i verk overfor denne gruppa, har så langt ikkje lykkast.

Trafikkulykke med tungbil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nettovergrep og digital vald

Internett gir både barn, ungdom og vaksne høve til auka sosial kontakt, tilgang på informasjon og underhaldning. Samtidig er risikoen for å bli misbrukt, mobba eller svindla ein del av den digitale verda.

Om du er ein engasjert og kompetent digital brukar, kan du oppleve å bli spurt til råds om korleis ein kan verne seg mot slike negative opplevingar. Spesielt aktuelt er dette om du skal arbeide vidare med IKT-servicefaget. Her kan slike råd vere ein del av ansvarsoppgåvene dine på arbeidsplassen.

Justisdepartementet driv nettsida dinutvei.no, som gir råd til menneske som er utsette for nettovergrep og digital vald. Dei nemner desse hendingane som dei mest aktuelle:

  • trakasserande og stygge meldingar posta på nettet

  • truslar eller tvang via meldingar om spreiing av bilete og filmar

  • overvaking og kontroll via mobiltelefon eller sosiale medium

  • det å bli eksponert for eit seksualisert språk eller få tilsendt bilete og filmar med seksualisert eller valdeleg innhald

  • det å bli pressa til å utføre seksuelle handlingar framfor eit webkamera

  • bytte og sal av seksuelle tenester

  • seksuelle overgrep

Ein europeisk studie frå 2015 viser at fire av ti norske jenter og to av ti gutar har opplevd at kjærasten har utført eit digitalt overgrep mot dei. Når det gjeld å sende og motta seksualiserte bilete og tekstmeldingar, oppgav 34 prosent av jentene og 25 prosent av gutane at dei hadde sendt seksualiserte bilete eller tekstmeldingar.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Trusselbilete