Hopp til innhald

Fagstoff

Industrispionasje

I PST og Forsvaret sine trusselbilete er industrispionasje eit viktig element. Mange bedrifter har tiltak mot industrispionasje som ein del av HMS-rutinane. Tiltaka kan spenne frå digital brannmur via inngangskontroll til utvida sikkerheitsklarering av tilsette.
Datahacking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsking

Det er fleire døme på at norske forskarar og bedrifter arbeider med kunnskap og teknologi som dei ikkje ønskjer å dele med andre bedrifter eller statar.
Det kan vere økonomiske årsaker til det. Verdien av ei ny oppfinning blir vesentleg redusert om ho blir kopiert av andre før det er søkt om patent. Patent er eit internasjonalt vern mot å bli kopiert.

Politiets sikkerhetstjeneste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Konkurrentovervaking

Dei fleste bedrifter er avhengige av å følgje med på kva konkurrentane gjer. Endringar i prisar, produkt, marknadsføring og salskanalar er viktig informasjon. Når denne informasjonen er open, er det lov å gjere seg nytte av han.

Når ei bedrift derimot får tilgang til hemmeleg, intern informasjon om konkurrentar, er det ofte eit resultat av industrispionasje. Det er ulovleg og straffbart.

Det er ulike måtar å skaffe seg slik fortruleg og ulovleg informasjon på:

  • Å hente informasjon frå tilsette hos konkurrenten er ikkje uvanleg. Dette kan skje ved at ein utnyttar vennskap og fortrulegheit, betaler for informasjon eller lover vedkommande ei attraktiv stilling etter å ha avslørt viktig informasjon.

  • Ofte er det underleverandørar som lek informasjon. Både reklamebyrået og trykkjeriet som skal lage materiell til ein ny kampanje, er moglege kjelder til ein lekkasje.

  • Datainnbrot er blitt stadig vanlegare. Det skjer ved at nokon hackar seg inn i datasystema til konkurrenten og hentar ut informasjon. Det kan mellom anna vere informasjon om nye produkt, tenester og marknadskampanjar eller finansiell informasjon der ein ser kven som samarbeider med, eig eller kjøper seg inn hos konkurrenten.

  • Det er også døme på at konkurrentar deler eller leiger datasystem av kvarandre. Dette kan gjere det mogleg å misbruke informasjon ved å gå utover dei avtalane som er inngått.

Militær teknologi

Norsk kunnskap og teknologi kan brukast til å framstille produkt som blir brukte i krigs- eller terrorhandlingar. Vi har teknologi som er utvikla for å bli brukt i våpenindustrien. Det er strenge reglar for kven som kan få kjøpe slike våpen.

Vi har også døme på teknologi som er utvikla for fredelege føremål, men som også kan utnyttast militært. Eit slikt døme er teknologi til atomkraftverk, som kan bidra til øydelegging og død om han blir brukt til framstilling av atomvåpen.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Trusselbilete