Hopp til innhald

Fagstoff

Sal og hovudlag

Det finst mange ulike typar salar og hovudlag som rettar seg mot bruksområda. Det viktigaste er at salen og hovudlaget er godt tilpassa hesten. Feil tilpassa utstyr kan gi skadar på hesten, og hesten vil ikkje kunna arbeida optimalt.

Det kan vera ei utfordring å finna ein sal som passar godt til hesten, sidan hestar eksteriørmessig er ulike. Det kan også vera utfordrande å få prøvd ulike salar. Det finst salmakarar og saltilpassarar som kan rettleia når det gjeld val av sal. Hovudlag er enklare å tilpassa.

Sal

Ein korrekt tilpassa sal er ein føresetnad for at hesten skal kunna bevega seg rett under ryttaren, i tillegg til at ryttaren har korrekt sits. Når vi skal sala på hesten i det daglege, har vi nokre sjekkpunkt (her føreset vi at vi har ein rett tilpassa sal):

  • Salen skal liggja ca. to fingrar frå skuldra til hesten. Det vil seia at salen ikkje skal trykkja på skuldra til hesten.
  • Løft salen på litt for langt fram, og dra han bakover til rett sted, slik at hårlaget til hesten ligg glatt under salen.
  • Salen må ikkje liggja så langt bak at han ligg mot lenda til hesten. Salen skal ikkje liggja bakanfor det bakarste ribbeinet til hesten.
  • Forsvisselen skal gå klar av manken til hesten, også når ryttaren sit i salen, og kanalen på salen skal gå klar av ryggrada til hesten.
  • Salen skal liggja jamt mot hesten, kjenn med ei handflate mellom salen og hesten.
  • Voylocken/schabraken skal ikkje ha faldar og skrukker, og han skal vera rein.
  • Bukgjorda skal liggja ca. ei handsbreidd frå frambeinet på hesten, så stram at vi så vidt får ei flat hand mellom gjorda og salen.
Sal som ligg på ryggen til ein hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudlag

Hovudlaget kjem i mange utformingar. Nasereimer vert brukte på ein del, og det kjem også ulike typar. Hovudlaget har vanlegvis eit bit, men det finst også ulike typar bitlause hovudlag. Uansett kva vi bruker, skal hovudlaget passa hesten, også bitet. Når du legg på hovudlaget, har du desse sjekkpunkta:

Hodelag heng på veggen. Foto.
  • Hald hovudlaget med høgre hand, ha venstre handflate under bitet, og før bitet mot munnen til hesten. Hesten skal sjølv gapa opp, ikkje press bitet mot tennene til hesten for å tvinga det inn. Dersom hesten ikkje vil gapa, kan du opna munnen ved å trykkja tommelen forsiktig inn i munnvika (hesten har ikkje tenner der).
  • Når bitet er i munnen, legg du nakkestykket over det øyret som ligg lengst vekk, deretter over det næraste øyret.
  • Fest hakereima. Det skal vera plass til ein knyttneve mellom reima og hakegropa.
  • Fest nasereimar dersom hovudlaget har det. Høg nasereim skal sitja ein–to fingerbreidder under kinnbeinet, og det skal vera plass til eit par fingrar mellom reima og hesten. Dersom det er låg nasereim, er det viktig å ikkje stramma så mykje at naseborene til hesten vert trykte saman. Spenner skal ikkje liggja ved munnvika.
  • Som eit grovt mål skal kinnstykka vera så lange at det dannar seg to små rynker i munnvikane på hesten. Bitet skal ikkje trekkjast oppover i munnen på hesten, men heller ikkje «hengja» ned i munnen.
  • Å finna rett bit krev at vi får kontrollert korleis det ligg i munnen på hesten, og at det har rett lengd: ikkje for kort, og ikkje for langt. Hesten skal vera komfortabel med bitet, og det skal ikkje skapa trykk eller gnag.
  • Sjekk at bitet ikkje er slite – slitne bit kan få skarpe kantar.
  • Når du tek av hovudlaget, skal hesten sleppa bitet sjølv.
  • Skylja/reingjera bitet etter bruk.

Finn ut meir:

Ta for dykk salane og hovudlaga til skulehestane. Undersøk følgjande:

  • Går salen klar av skuldra til hesten?
  • Finn bakarste ribbein og kjenn etter om salen går klar av lenda på hesten.
  • Kjenn og sjå på undersida av salen. Er putene jamne i stoppen?
  • Er kanalen brei nok til ryggsøyla til hesten ikkje får trykk?
  • Går forsvisselen klar av manken til hesten, også med ryttar i salen?
  • Sit i salen og kjenn etter: Kjennest det ut som ryttaren vert plassert rett i salen?
  • Er salen (bommen) passeleg for hesten (ikkje for smal eller for vid)?
  • Kjenn og sjå etter at bita ikkje har skarpe kantar.
  • Saman med læraren: Diskuter kvifor hestane har dei bita dei har. Kvifor har ein valt dei typane bit som hestane har på hovudlaga sine?
  • Saman med læraren: Dersom hestane har ulike typar nasereimer, diskuter kvifor.
  • Gå saman to og to. Ein elev held i bitringane på eit hovudlag, ein elev held i taumane. Eleven som held bitringane, lukkar auga. Eleven som held taumane, strammar taumane litt – og gjer så små rørsler som mogleg. Eleven som har lukka auga, skal seia frå når han eller ho kjenner at den andre rører taumane. Kor lite rørsle skal til før det har innverknad på bitet? Diskuter i klassen kva det vil seia å ha ei «mjuk hand».

Hugselappen

  • Ein korrekt tilpassa sal er nødvendig for at hesten skal kunna arbeida rett under ryttaren.
  • Hovudlag og bit må vera korrekt tilpassa.
  • Det er mange ulike typar salar og hovudlag. Kva du vel, kjem an på bruksområdet.
  • Utstyret skal vera reint, og pussast over etter bruk. Bitet skal skyljast etter bruk.
  • Feil tilpassa utstyr kan føre til skadar på hesten.
CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget