Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein fargepalett

Innpakka julegåver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Ta utgangspunkt i eit fotografi som inneheld fargar som passar til føremålet. Derfrå plukkar du fire fargar som kommuniserer ein bodskap og passar til målgruppa. Bruk det du har lært i denne læringsstien og lag ein fargepalett til eit av desse føremåla:

  1. Invitasjon til bryllup
  2. Gåvepapir til ein leiketøysbutikk

Sjekkliste og eigenvurdering

Huk av for dei påstandane som er rette:

  • Eg veit kva primærfargar som finst.
  • Eg veit forskjell på eit additivt og eit subtraktivt fargesystem.
  • Eg veit korleis vi lagar sekundærfargar.
  • Eg veit kva simultankontrast er.
  • Eg kjenner symbolverdien til fargane raud, gul, blå, grøn, svart og kvit.
  • Eg har klart å bruke det eg veit om fargar på ein medviten måte i dette oppdraget.
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Innføring i grafisk design