Hopp til innhald

Fagstoff

Dagtilbod på gard for menneske med demens

Demens er ein sjukdom som rammar mange eldre. Dårlegare hukommelse og konsentrasjon følger med sjukdommen, og kommunikasjon og kvardagslege gjeremål blir vanskelegare. Eit dagtilbod på ein gard kan gi demente personar meiningsfulle aktivitetar og sosialt samvær.
To menn i kano. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar som følge av demens

  • får dårleg hukommelse
  • får konsentrasjonsvanskar
  • blir lett irritert
  • snakkar ofte mindre enn før
  • blir isolert og får dårlegare sosialt nettverk
  • får problem med påkledning og vanlege oppgåver i heimen
  • får nedsett matlyst
  • får søvnproblem

På garden får den demente noko meiningsfullt å halde på med, i trygge omgivnader. For mange er det å fôre og stelle dyr, arbeide med ved, stelle i hagen og bake kjende aktivitetar. Dei får bruke kroppen sin i fysisk arbeid og skape noko med hendene. Dei får ikkje minst vere saman med andre i same situasjonen. Fysisk aktivitet og gode måltid er bra for helsa.

Ku som slikker på hand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på aktivitetar

Ute:

  • sjå på, fôre og stelle dyr
  • utføre enkle jobbar som å stable ved, reparere gjerde og utføre anna vedlikehaldsarbeid
  • gå turar i nærområdet
  • tenne bål og ete ute
  • hauste frukt og grønsaker
  • plukke bær og sopp

Inne:

  • sylte og safte sjølvplukka bær
  • bake
  • strikke og veve
  • småsnekre
  • synge og spele kort saman med andre

Det er viktig å ta hand om tryggleiken slik at både deltakarar og pårørande kan kjenne seg trygge. Oppgåvene må tilpassast den enkelte, og somme treng meir hjelp enn andre. Vêret og årstida påverkar òg kva aktivitetar de kan drive på med.

Inn på tunet tilbyr fleksible løysingar med varierte dagar som samtidig er føreseielege. Gardane er ofte små og oversiktlege.

Erfaringar med Inn på tunet-aktivitetar for demente

Pårørande og helsepersonell kan fortelje at brukarane ofte

  • får betre søvn
  • bruker mindre medikament
  • vandrar mindre
  • opplever glede og er meir tilfredse
  • tenker fleire positive tankar

Å få gjere noko av verdi gir alle ei oppleving av å vere til nytte. Slik er det òg for menneske med demens.

Hugselappen

Demens er ein sjukdom som særleg rammar eldre menneske.

Mange demente kan ha stor glede av aktivitetstilbod på ein gard.

Omgivnadene må vere trygge og tryggleiken teken hand om.

Tilbodet bør innehalda

  • kjende aktivitetar
  • fysiske aktivitetar
  • variasjon
  • praktiske gjeremål
  • kontakt med andre menneske, dyr og natur

Tilbodet vert forma i nært samarbeid mellom brukarar, pårørande og helsepersonell.

Trivsel, glede og positive opplevingar er målet.

CC BY-SASkrive av Anita Andersen, Hege Nikolaisen og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Garden som arena for omsorg, læring og opplevingar