Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ta eit portrett av ein klassekamerat

I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med ulike objektiv. Læraren bør dele ut utstyret som skal brukast, før elevane set i gang med å løyse oppgåva.
Jente som holder opp et speilreflekskamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: 30 minutt

  • Gå saman to og to. Ta ein serie bilete med nærportrett av ansiktet til samarbeidspartnaren din, der du nyttar brennvidder som svarer til vidvinkel-, normal- og telefotoobjektiv.
  • Vel ut tre bilete som er tekne med kvar si brennvidde.
  • Diskuter resultatet med samarbeidspartnaren din. Korleis påverkar objektivet ansiktet og bakgrunnen i biletet?

Del 2: 15 minutt

Skriv eit kort arbeidsnotat på ca. 100 ord der du gjer greie for kva objektiv du har brukt, og kva for effektar desse vala hadde på dei tre portretta du til slutt valde ut.

CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Kamerateknikk