Hopp til innhald

Fagstoff

Pressekonferansar og nettverksbygging

Etatar, bedrifter og organisasjonar inviterer gjerne journalistar til pressekonferanse dersom dei har noko dei ønskjer å seie til mange samstundes. Men det er også viktig å bruke tid på å byggje opp gode relasjonar til journalistar som jobbar med saker som vedkjem oppdragsgivaren din.
Pressekonferanse etter ulykke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebu pressekonferansen godt

Dersom du skal halde ein pressekonferanse, må temaet på konferansen vere spennande nok til at journalistar frå fleire medium synest det er verdt å setje av tid til å møte opp. Dette vil seie at det journalistane ventar å høyre på konferansen, oppfyller vanlege nyheitskriterium. Derfor er det ikkje alle saker som eignar seg til å bli presenterte på ein pressekonferanse.

Når du har bestemt deg for å invitere til pressekonferanse, bør leiaren av verksemda, samarbeidspartnarar eller du som kommunikasjonsrådgivar planleggje ein liten tale i forkant. I talen kan den informasjonen de ønskjer å komme med, formidlast til alle nyheitsmedia samstundes. Hugs at uttalar på ein pressekonferanse kan givast att i media som sitat. Derfor må det som seiast, vere godt førebudd.

Det er vanleg å opne for spørsmål frå salen. Då kan journalistar som sit i salen, komme med spørsmål direkte til dei som sit i panelet.

Tilby eksklusive intervju

Mange redaksjonar ønskjer eksklusivitet i sakene sine. Det vil seie at dei har lyst til å intervjue hovudpersonane i ei sak aleine. Dersom du ønskjer mykje publisitet om ei sak, kan det vere lurt å setje av tid til eksklusive intervju i etterkant. Dette er vanleg blant anna ved promotering av filmar. Då blir ulike redaksjonar inviterte til pressekonferanse der dei i etterkant får eit par minutt med kvar skodespelar.

Bygg nettverk

Bedrifter har ofte saker som ikkje lèt seg formidle via pressemeldingar eller pressekonferansar fordi dei ikkje har tilstrekkjeleg nyheitsverdi. I slike tilfelle har likevel kommunikasjonsrådgivarar høve til å skape merksemd om saker ved å bruke nettverket sitt. Ein kommunikasjonsrådgivar vil ofte bruke tid på å bli kjend med journalistar som skriv om tema som er viktige for bedrifta han eller ho representerer. Slik veit kommunikasjonsrådgivaren kva saker journalisten er spesielt interessert i.

Gjer saka spennande

For å «få napp» i ein redaksjon er det viktig for kommunikasjonsrådgivaren å selje inn saka ved å vinkle henne på ein måte som gjer at journalisten blir interessert. Redaksjonar konkurrerer ofte om å vere først ute med nyheiter og å få dei mest spennande vinklingane. Nokre gonger kan det vere lurt å tilby journalistar i nettverket ditt eksklusivitet mot at dei slår saka stort opp.

Personifisering og sensasjon er to nyheitskriterium som ofte sel. Jobbar du for eksempel i ei fiskeribedrift som har funne opp eit nytt salsprodukt, kan du personifisere saka med å tilby journalisten å intervjue ein person som har eit nært forhold til nettopp dette produktet. Noko anna bedrifta kan gjere, er å invitere heile byen til fest på torget der borda bugnar av bedrifta sine fiskeriprodukt. Slike marknadsføringsstunt får ofte store oppslag i lokalavisa. Det gjeld å tenkje kreativt, positivt og nytt.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i kommunikasjonsarbeid