Hopp til innhald

Fagstoff

Ulykker og tiltak på norsk sokkel

Då petroleumsverksemda kom til Noreg på 1960-talet, fanst det ikkje lover og reglar som tok vare på helse, miljø og tryggleik på norsk sokkel. Dei første tiåra var det høge ulykkes- og dødstal knytte til arbeid offshore og til helikoptertransport.
Condeep-plattform og jacket-plattform kopla saman med gangbru. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt i emnet

  • Historia på norsk sokkel
  • Utvikling av felles HMS-kultur
  • Gode resultat

Ulykkene som prega den første tida

I 1974 var det ni dødsfall på åtte ulykker på ulike installasjonar offshore. Installasjonane var dårleg sikra, og stillasarbeid vart utført utan fagleg kompetanse. Det medførte at mange fall ned, anten på eit lågare nivå eller i sjøen, og omkom. Det var òg mange dødsfall i samband med dykkararbeid.

Den største ulykka på norsk sokkel var Alexander Kielland-havariet i 1980, der 123 oljearbeidarar mista livet. Alexander Kielland-plattforma var ein flytande bustadrigg som var kopla opp til ein borerigg med ei gangbru. Dei som jobba på boreriggen, hadde overnatting og opphald på Alexander Kielland-riggen. Du kan lese meir om dette på sida "Alexander L. Kielland"-ulykka (ekofisk.industriminne.no).

Utgreiinga etter ulykka medførte nye krav til stabilitet i flytande installasjonar. Prinsippet om for utstyr og konstruksjon vart då innført på norsk sokkel.

Oversikt over dødsfall i norsk petroleumsverksemd frå 1967 til 2019

Periode

1967–1979

1980–1989

1990–1999

2000–2009

2010–2019

Samla

Konstruksjonar og maritime system

6

134

0

1

1

142

Helikopter

34

0

15

0

13*

62

Fallulykker

25

12

7

1

1

46

Dykking

10

6

0

0

0

16

Løfting

3

0

2

3

0

8

Arbeidsulykker på fartøy

1

1

3

3

0

8

Brann og eksplosjon

5

1

0

0

0

6

Boreoperasjonar

0

1

3

0

0

4

Forgiftingar

3

1

0

0

0

4

Andre

1

1

1

1

0

4

Samla tal på døde

88

157

31

9

14

300

* Helikopterulykke ved Turøy: Alle 13 om bord omkom i ulykka.

Til ettertanke

  • Samanlikn periodane 1967–1989 og 2000–2019. Kva viser dette?

  • Kva trur du er årsaka til at talet på dødsulykker har utvikla seg slik?

Tiltaka som verka

Serviceselskapa, oljeselskapa, fagforbund og styresmaktene tok tidleg fatt i problemstillingane knytte til helse, miljø og tryggleik. Dagens regelverk, HMS-fokus og tryggingskultur i norsk petroleumsverksemd er bygd opp i eit tett samspel mellom desse. Dette samarbeidet, trepartssamarbeidet, er unikt i verdssamanheng. Du kan lese meir om det på sida trepartssamarbeid (snl.no).

Statistikk viser at petroleumsnæringa har ei svært positiv utvikling, og samanlikna med andre yrkesgrupper, som til dømes i helsesektoren, jordbruk og byggjeverksemd, oppnår petroleumsnæringa låge ulykkestal i forhold til gjennomførde arbeidstimar.

Internasjonalt er petroleumsnæringa anerkjend for ein høg HMS-standard, og det er høg HMS-standard på norsk sokkel i dag. Både regelverk og personlege haldningar bidreg til det. Den fine utviklinga på norsk sokkel er synleg gjennom eit godt system for verneombod og personleg ansvar for eigen og andre sin tryggleik på arbeidsplassen.

Vi veit at arbeidsplassen offshore er ein av dei sikraste i verda. Vi ser òg at dødsfall relaterte til arbeidsulykker er vesentleg høgare på land enn offshore.

Arbeidsrelaterte dødsfall i Noreg i perioden 2003–2012

Samanlikninga av tala er henta frå registera til Petroleumstilsynet og Arbeidstilsynet:

Årstal

Samla i Noreg

Samla i petroleumssektoren

2003

50

0

2004

38

0

2005

48

1

2006

31

0

2007

37

1

2008

51

0

2009

42

1

2010

46

0

2011

53 (*)

0

2012

36

0

Gjennomsnitt per år

42,2

0,3

(*) 22. juli-hendinga er ikkje rekna med.

Kjelder

Katastrofer og store ulykker i norsk petroleumsvirksomhet (2020, 17. september). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/katastrofer_og_store_ulykker_i_norsk_petroleumsvirksomhet

Statistisk sentralbyrå (u.å.). Arbeidsulykker. 10913: Arbeidsulykker med dødelig utfall, etter tilsynsmyndighet og næring (SN2007) 2000–2019. https://www.ssb.no/statbank/table/10913/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anna Aabø. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 05.04.2018

Læringsressursar

Tryggleik på norsk sokkel