Hopp til innhald

Fagstoff

Kva gjer ein kommunikasjonsrådgivar?

Ein kommunikasjonsrådgivar har ein allsidig jobb som omfattar alt frå å skrive talar for sjefen til omdømmebygging og interninformasjon. I vår tid må kommunikasjonsmedarbeidarar også vere aktive i sosiale medium.

Byggjer omdømme og formidlar informasjon

Kjerneoppgåvene til ein kommunikasjonsrådgivar er å sørgje for at omdømmet til bedrifta er best mogleg, og at personar i målgruppa får den informasjonen dei treng. Kommunikasjonsrådgivarane kan bruke ulike mediekanalar. Informasjon som skal ut til mange, kan for eksempel formidlast via ei pressemelding til ulike nyheitsmedium. Det er også vanleg å leggje til rette for pressekonferansar dersom bedrifta har noko dei ønskjer skal formidlast i fleire mediekanalar samstundes.

Ein kommunikasjonsrådgivar vil i tillegg ofte skrive utkast til talar og utarbeide svar som leiarane i bedrifta skal framføre offentleg. Nokre gonger er det kommunikasjonsrådgivarane som er bedrifta sin talsperson i staden for bedriftsleiarane.

Aktiv i sosiale medium

Ei anna oppgåve kommunikasjonsavdelingar har, er å oppdatere bedrifta sine nettsider og kontoar i sosiale medium. Direkte kommunikasjon med kundar og klientar gjennom nyheitsbrev, e-postar og informasjon på sosiale medium til desse gruppene er også ein del av ansvaret til kommunikasjonsrådgivarane. I tillegg er dei med på å utforme innhaldet i bedrifta sine reklamekampanjar og merkevarebygging, av og til også visuelt. Større bedrifter har gjerne eigne avdelingar som tek seg av dette arbeidet i samarbeid med kommunikasjonsrådgivarane.

Typiske arbeidsoppgåver for kommunikasjonsrådgivarar kan oppsummerast slik:

  • Mediekontakt

    • skrive pressemeldingar
    • halde pressekonferansar
    • svare på negativ publisitet
    • skrive talar for bedrifta sine leiarar
    • publisere i bedrifta sine eigne kanalar
  • Reklamearbeid

    • samarbeide med reklamebyrå
    • lage kampanjar
  • Internkommunikasjon

    • motivere tilsette
    • sikre informasjonsflyt
  • Bransjeorientering

    • halde seg oppdatert på konkurrentar
    • samarbeide profesjonelt med ulike aktørar
  • Direktekommunikasjon

    • informere publikum, målgruppa og følgjarar
    • forsterke lojaliteten hos eksisterande kunder

Kommunikasjonsavdelinga sine arbeidsområde

Ei kommunikasjonsavdeling kan vere organisert på ulike måtar. Kommunikasjonsavdelinga utarbeider gjerne ein kommunikasjonsplan som handlar om kva omdømme bedrifta skal jobbe for å nå på sikt, og korleis ein skal nå måla. Ein slik plan kan omfatte analyser av bedrifta sine behov, målgrupper og aktuelle mediestrategiar. Ein kommunikasjonsplan er gjerne langsiktig, han kan gå over fleire år, og sjåast gjerne i samanheng med andre planar, som marknadsplanar og forretningsplanar.

Filmen ovanfor er laga av kommunikasjonsavdelinga i Statens Vegvesen til intern bruk. I filmen får du eit innblikk i kva ei kommunikasjonsavdeling i ei stor statleg bedrift jobbar med.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i kommunikasjonsarbeid