Hopp til innhald

Fagstoff

Matsvinn

Matsvinn betyr tap av verdiar for heile verdikjeda i matindustrien, daglegvarehandelen, hotell-, kantine- og restaurantbransjen. I tillegg utgjer matsvinn både eit ressursproblem og eit klima- og miljøproblem. Noreg har teke grep for å redusere matsvinn.

Kva er matsvinn?

Styresmaktene definerer matsvinn som "det avfallet som kastes, men som på et tidspunkt kunne vært brukt som menneskeføde, til forskjell fra ikke-nyttbart matavfall som bein, skall, skrell, produksjonsrester og liknende som normalt ikke kan spises av mennesker" (Hanssen et al., 2013, s. 11).

Kvifor må vi redusere matavfallet?

I Noreg blir det kasta fleire tusen tonn mat årleg. Dette kostar samfunnet og alle aktørar dyrt i både pengar og ressursar. Ved å utnytte råvarene optimalt kan fleire aktørar spare pengar og oppnå ei meir lønnsam drift.

Miljøet blir òg påverka av matproduksjonen. Det trengst til dømes 175 liter vatn for å produsere éin kopp kaffi og 15 000 liter vatn for å produsere éin kilo oksekjøtt. I tillegg kjem både forbruk av store mengder drivstoff og utslepp av klimagassar når varene blir transporterte til rett forhandlar. Det er ikkje riktig at vi skal kaste mat som vi har brukt så mykje ressursar på å produsere. Sjølv om det blir produsert biogass av matavfallet, får vi mykje større miljøeffekt ved å produsere mindre mat.

Målet er å redusere svinnet i heile verdikjeda, frå produsent til forbrukar.

Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn

I juni 2017 inngjekk tolv norske bransjeorganisasjonar ein bransjeavtale om reduksjon av matsvinn. 103 bedrifter frå matindustrien, daglegvarehandelen og serveringsbransjen og dessutan fem statlege departement signerte avtalen. Målet med avtalen er å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål 12.3.

Partane skal kartlegge og rapportere om matsvinnet, dei skal treffe tiltak for å redusere svinnet i eiga bedrift, og dei skal samarbeide med andre bedrifter på tvers av verdikjeder.

Ifølgje avtalen skal bedriftene òg legge til rette for og bidra til at forbrukarane kastar mindre mat.

Tallerken med matrestar, halve tallerkenen er full av steikte poteter og saus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bransjeavtalen har ført til fleire tiltak

  • Daglegvarehandelen har sett i verk tiltak som å senke prisen på varer som snart går ut på dato, og å lage nye og betre emballasjeløysingar.
  • Det er gjort endringar i haldbarheitsmerkinga på matvarer, slik at fleire matvarer no blir merkte med "best før" i staden for "siste forbruksdag". I tillegg har mange matvarer merkte med "best før" fått eit tillegg på haldbarheitsmerket som seier "men ofte god etter".
  • Det er laga appar som informerer om mat som blir gitt bort eller blir seld billeg på grunn av dato.
  • Det er gjennomført kampanjar mot matsvinn som rettar seg mot forbrukarane.
  • Det er òg bestemt at mat som blir levert til velgjerdsformål, skal vere friteken for moms. Matbransjen blir på denne måten oppmoda til å gi bort mat til velgjerdsformål for å redusere matsvinnet. Mat som er gått ut på dato eller har skadd emballasje, er gode døme på mat som kan leverast momsfritt. Viss butikkar gir bort mat, må dei betale ein uttaksmoms, og dette gjer at fleire butikkar i staden kastar maten.

Ein papirpose med logoen "Too Good To Go" ligg oppå ein disk med bakarvarer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Selskapet Matvett

Matvett er eit selskap som vart starta av ulike næringslivsorganisasjonar med mål om å samarbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Matvett hjelper òg alle aktørane i bransjen i arbeidet med å få ned matsvinnet. I tillegg ønsker dei å spreie meir kunnskap om matsvinn blant forbrukarane.

Det er NHO Mat og Drikke, Dagligvareleverandørenes forening, Dagligvarehandelens miljøforum, NHO Reiseliv og Virke som saman eig selskapet Matvett.

På nettsida deira finn du masse nyttig informasjon om matsvinn, tips til korleis du kan kaste mindre mat, måltidsplanleggarar og til og med eit eige "bruk-opp-leksikon".

Matsentralen

Matsentralen er det norske namnet på den internasjonale ideelle organisasjonen FoodBank. Matsentralen samlar inn overskotsmat frå matbransjen for å gi han vidare til menneske i ein vanskeleg situasjon. På denne måten flyttar organisasjonen mat frå der det er for mykje, til dit det er for lite.

Kjelde

Hanssen, O. J., Skogesal, O., Møller, H., Vinju, E. & Syversen, F. (2013). Kunnskap om matsvinn fra norske husholdninger. Rapport til Miljødirektoratet. Østfoldforskning. https://www.matvett.no/uploads/documents/Kunnskap-om-matsvinn-Miljodirektoratets-rapport.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim, Jannike Gausdal og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Avfall og miljø