Hopp til innhald

Fagstoff

Kremar og glasurar

Dei vanlegaste kremane og glasurane er fløytekrem, smørkrem, kokte kremar og kaldrørte kremar. Kremar og glasurar blir brukte i eller på kaker og enkelte bakverk. Dei kan òg serverast ved sida av på dessertbufféen.
Ei blautkake med riven sjokolade og jordbær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fløytekrem

Piska kremfløyte kan vi bruke naturell, eller vi kan tilsetje ulike smaksstoff. Fløyten må vere kjøleskapskald for å få best resultat når vi piskar han. Kremen bruker vi som fyll i ulike kremkaker, som pynt eller som ein eigen kremdessert.

Smørkrem

Denne kremen lagar vi av smør, sukker og smaksstoff. Enkelte smørkremar kan òg innehalde egg, fargestoff og stivelse. Smørkrem blir brukt som fyll og dekor på kaker.

Vaniljekrem

Kokt vaniljekrem er laga av egg, sukker, mjølk, fløyte og vanilje. Denne kremen bruker vi som kakefyll, som tilsetjingar i smørkremar for å redusere feittinnhaldet og som stabilisator i andre kremar. Kokt vaniljekrem kallar vi òg ekte vaniljekrem.

Kveitebollar med vaniljekrem, pynta med melis og kokos. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kaldrørt krem

Kremen er basert på eit industriframstilt pulver som er laga av sukker, smaksstoff, farge og bindemiddel. Vi blandar pulveret med væske, rører blandinga godt, og kremen er klar til bruk.

Glasurar

Føremålet med glasuren er å gi ein fin utsjånad samstundes som han forsterkar smaksinntrykket frå produkta. Glasur bruker vi som overtrekk eller pynt på konditorprodukt.

  • Melisglasur lagar vi av melis og vatn.

  • Eggekviteglasur lagar vi av melis og eggekvite.

  • Sjokoladeglasur lagar vi av fløyte og sjokolade.

  • Speilglasurar lagar vi av sjokolade, fløyte, gelatin, blank overtrekksgelé eller kondensert mjølk og eventuelt fargestoff.

Sjokoladekake med bringebær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugs!

  • Kremar og glasurar blir brukte som fyll i eller på kaker og bakverk.
  • Ein krem kan òg serverast som ein eigen rett på dessertbordet, til dømes trollkrem og moltekrem.

  • Glasurar framhever produktet, kan forlenge haldbarheita og gjer mykje for sanseinntrykket.

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Dessertar