Hopp til innhald

Fagstoff

Smittekjeda

Smittekjeda er ei skildring av korleis smitte blir overført. Å hindre smitte vil seie å bryte smittekjeda. Overføring av smitte kan skje på mange måtar, men det må finnast eit smittestoff, ei smittekjelde, ein smitteveg og ein smittemottakar.
Smittekjeda illustrert ved seks punkt i ein sirkel. Det går pilar frå smittestoff til smittekjelde, derfrå til utgangsport, derfrå til smittemåte, så til inngangsport, så videre til smittemottakar igjen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Saman med smitteutgangen hos smittekjelda og smitteinngangen hos smittemottakaren er dette smittekjeda. Her får du lære korleis du kan bryte smittekjeda.

Smittestoff

Smittestoffet er den direkte årsaka til at sjukdom oppstår som følgje av smitte. Det er ulike mikroorganismar som er smittestoff, og bakteriar og virus er dei mest vanlege smittestoffa. Sopp er òg ein vanleg årsak til infeksjonar.

Smittekilde

Det er menneske som er den vanlegaste smittekjelda mellom menneske. Normalfloraen av mikroorganismar i kroppen vår fører ikkje til risiko for sjukdom der han finst normalt, men han kan føre til sjukdom andre stader i kroppen. Han kan derfor vere ei kjelde til smitte. Sjølv om vi er friske, kan vi vere berarar av sjukdomsframkallande mikroorganismar. Vi kan derfor overføre sjukdom til andre utan at vi er klare over det sjølv. Smittekjelder kan også vere dyr og insekt, mat og drikke, eller materiale som har vore i kontakt med smittestoff.

Smitteutgang

For at smittestoffet skal bli overført frå eit menneske til eit anna, må det vere ein smitteutgang frå smittekjelda og ein smitteinngang hos smittemottakaren. Smitteutgangar er stader der kroppen skil ut væsker som

  • puss frå betente auge
  • sekret frå nase, svelg og lunger
  • avføring, urin og sæd
  • puss frå sår og byllar
  • blod og vevsvæske

Smittemåtar og smittevegar

Smittemåte er den vegen eller måten mikroorganismen vandrar frå smittekjelda til det kjem inn i smittemottakaren.

Kontaktsmitte

Kontaktsmitte kan skje anten direkte eller indirekte. Direkte kontakt mellom smittekjelde og smittemottakar kan skje gjennom til dømes kyss, klem, handtrykk eller samleie.

Indirekte kontaktsmitte vil seie at smitten blir overført via eit mellomledd, til dømes eit dørhandtak. Eit døme er at du nys i hendene, og deretter tek på eit dørhandtak utan å vaske hendene først. Nestemann som tek på dette handtaket kan dermed få overført forkjølingsviruset via dørhandtaket.

For å førebygge bør du mellom anna

  • vaske hendene ofte
  • ikkje kysse ein forkjøla person
  • bruke kondom ved samleie
  • ikkje drikke av same kopp eller flaske som andre
  • ha god hygiene når du lagar mat

Luft- og dropesmitte

Vanlegast er dropesmitte frå personar med luftvegsinfeksjonar. Når ein person hostar og nys, blir det slengt ut små dropar som svever rundt i rommet. Desse kan kome i kontakt med nase, munn og auge hos personar i nærleiken. For å bryte dette leddet i smittekjeda bør du

  • hoste eller nyse i armkroken eller i eit lommetørkle som kan kastast etter bruk
  • lufte godt i alle rom
  • lufte sengetøy og vaske det på høg temperatur
  • vere nøye med vask i heimen
  • vaske arbeidstøy hyppig og på høg temperatur

Bakteriar og virus strøymer ut av ein nase ved eit nys. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mat- og vassmitte

Smitten spreier seg gjennom mat og vatn. Han kan kome frå andre kjelder eller vere eit resultat av feil behandling av matvarer. Døme er dårleg steikt kylling og ureint vatn. For å førebygge bør du

  • ha god handhygiene
  • ha god hygiene når du lagar mat
  • vere nøye med oppbevaring og behandling av mat og drikke

Blod- og vevssmitte

Smitten kjem inn i kroppen gjennom sår eller sprøyter. For å unngå smitte bør du bruke hanskar når du hjelper personar med sår, eller personar som blør, og vere varsam når du finn brukte sprøytespissar.

Mor–barn-smitte

Smitten blir overført frå mora gjennom blodet eller morsmjølka til barnet før eller etter fødsel. Døme på slik smitte er hiv, raude hundar og toksoplasmose.

Smitte frå tarm til munn

Når smittestoff blir overførte frå tarmen til munnen, gjerne via hendene, kallar vi det fekal-oral smitte. Det er for å unngå denne typen smitte at vi allereie som små barn lærer at vi skal vaske hendene våre etter toalettbesøk. Smittestoff frå tarmen kan også bli overførte til matvarer om vi ikkje er nøye med handhygienen før vi lagar mat.

Smitteinngang

Smittestoffet må finne ein inngang for at overføringa av smittestoffet skal føre til sjukdom. Dette kan vere naturlege kroppsopningar, som til dømes munnen, eller det kan vere gjennom sår og rifter.

Smittemottakar

Det siste leddet i smittekjeda er eit mottakeleg menneske. Immunforsvaret passar på at vi ikkje vert smitta av dei fleste av mikroorganismane vi vert utsette for, men kor godt immunforsvaret er, kan variere frå person til person. Små barn og eldre kan mellom anna vere lettare utsette for smitte. Den psykiske tilstanden til eit menneske kan òg påverke kor lett mottakeleg ein er for å utvikle infeksjonar, til dømes når du er trist og har kjærleikssorg, eller er stressa. For å førebygge smitte bør du

  • styrke immunforsvaret ved å leve sunt
  • vaksinerast
  • utføre god handhygiene

Oppsummering

I denne filmen blir kvart av trinna i smittekjeda oppsummert. Filmen viser òg korleis ein kan bryte smittekjeda og hindre smittespreiing.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Marit Smith Sørhøy og Ingvild Skjetne.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022

Læringsressursar

Hygiene og mikrobiologi