Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis fiksar du rettskrivinga?

Skriftspråket er viktig for alle som arbeider profesjonelt med å produsere tekstar. Det krev ein del merksemd og trening før ein meistrar det godt og hugsar dei fleste av skrivereglane, men vi har ulike verktøy vi kan hjelpe oss med.
Boksider frå to bøker om skrivereglar. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle som på ein eller annan måte sel tekstar, eller som får løn for å produsere tekstar profesjonelt, må vite korleis dei også skriv rett. Men det er ikkje slik at vi alle alltid klarer å hugse alle reglar. Det er også forskjell på kor lett det er for oss å få det til. Vi kan skrive gode tekstar likevel, berre vi veit korleis vi skal hjelpe oss sjølve til å få det rett. Etter kvart som vi har jobba ein god del med å rette i tekst, vil vi også kunne reglane betre. Nedanfor skal vi sjå på nokre av verktøya vi kan bruke.

Kor god er du i rettskriving?

Begynn med å teste deg sjølv! Teksten nedanfor inneheld ein del skrivefeil som mange gjer. Det er ikkje uvanleg at også profesjonelle journalistar gjer nokre av dei. Kor mange feil finn du?

Fann du ikkje alle? Då er du kanskje klar til å lese om dei ulike verktøya som kan hjelpe deg i skrivearbeidet.

Rettskrivingsrettleiingar

Det finst sjølvsagt råd å få på Internett. Du finn rettleiingar på Språkrådets nettsider og for eksempel på Korrekturavdelingen.no. I tillegg bør alle som har ansvar for kvaliteten på tekstar som på ein eller annan måte skal seljast eller publiserast profesjonelt, ha tilgang til ei oppslagsbok på arbeidsplassen sin. Då nyttar vi anten

  • klassikaren Skrivereglar som Finn-Erik Vinje er forfattar av, eller
  • den ganske nye Norske skrivereglar av Aud Søyland og Jan Olav Fretland.

Desse tek for seg dei offisielle skrivereglane som er vedtekne av Språkrådet.

Ordbøker og ordlister

Dei mest omfattande ordbøkene for offisiell bokmål og nynorsk finst tilgjengeleg på nettet, heilt gratis. Det er definsjonsordbøker. Det vil seie at du ikkje berre får hjelp med skrivemåten, men også finn døme på bruk og kan sjekke om det er rett ord i samanhengen, eller om uttrykket er rett formulert. Det er nok meir vanleg enn du trur, at ein blander saman uttrykk eller misforstår omgrep slik at ein kjem til å bruke det feil. Nynorskbrukarar har også lett for å blande inn både bokmål og dialekt når dei skriv, så det bør du passe på og slå opp i ordlister og ordbøker.

Oppslag i Bokmålsordboka Nynorsordboka på nett som viser ingen treff. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Oppslag i Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett som viser treff på målsetting. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Automatisk stavekontroll

Tekstbehandlarar og tekst-editorar har ofte ei form for stavekontroll. Dei er gode hjelpemiddel. Men hugs at dei fungerer i dataprogram og ikkje menneskehjerner, så det er ikkje alt dei kan «forstå». Nedanfor ser du eit eksempel der stavekontrollen gjer markeringa feil.

Eksempel på hvordan stavekontrollen i Word fungerer. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På linje 1 har stavekontrollen godteke «aftenpostenriksmål», men markert «samlagetnynorsk» som feil, endå det er rett skrive. Skrivemåtane på linje 2 er også rette, men på linje 3 er begge feil. Slik særskriving som på linje 3 kan ikkje stavekontrollen oppdage. Og nokre gonger trur han altså at samanskriving er feil, som på linje 1. Stavekontrollen er altså best til å hjelpe oss med å oppdage feila vi kan ha oversett, og ikkje like god til å fortelje oss kva som er gale eller rett.

Det same treng ikkje vere rett overalt

Ovanfor har vi sett på dei viktigaste verktøya du kan bruke dersom du skal følgje den offisielle rettskrivinga. Men nokre medieverksemder skriv andre målformer enn dei offisielle, som for eksempel riksmål, ikkje bokmål. Då har dei andre ordlister og følgjer kanskje litt andre rettskrivingsreglar.

Det er også mange verksemder som lagar eigne lister innanfor det som er tillate av valfrie former på nynorsk eller bokmål. Dei blir kalla stilguidar, konsekvenslister eller noko anna. NPK (Nynorsk pressekontor) har for eksempel utarbeidd ei heil bok som heiter NKP-språket. Ordliste og språkråd. Det er ikkje noko som står i den ordlista som ikke kan stå i Nynorskordboka, men det kan stå ordformer i Nynorskordboka som ikkje er med i NKP-språket. Sånn vil det vere med mange stilguidar. Viss du kjem til å skrive tekstar på oppdrag frå andre, kan det også vere du får kundar som har eigne stilguidar dei vil du skal følgje.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Tønnessen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Skriving i mediefag