Hopp til innhald

Fagstoff

Former for service

Service er eit ganske vidt omgrep, og for å sikre at vi snakkar om det same, må vi presisere kva slags service vi har i tankane. Vi pleier å skilje mellom materiell service, systemservice, personleg service og sjølvservice.
Ein ung servitør serverer mat ved eit bord med eldre gjestar på ei uteservering ein sommardag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Materiell service

Materiell service omfattar alt rundt hovudproduktet som du kan sjå, ta på og kjenne på. I ein restaurant er hovudproduktet mat og drikke. God materiell service på ein restaurant betyr at bordet er reint og ryddig, og gjestene har alt dei treng av bestikk, glas og dekketøy for å innta måltidet.

Ei bedrift kan sikre kvaliteten på den materielle servicen ved å lage rutinar for arbeidet og lære opp dei tilsette slik at dei veit korleis dei skal gjere jobben sin, og kva dei må passe spesielt på. På dei fleste restaurantar har ein til dømes servicerutinar som tilseier at toalettet skal vaskast med jamne mellomrom, at alle bord skal ryddast med ein gong gjesten har gjort opp rekninga, og at dei tilsette har på seg uniform.

Systemservice

Systemservice handlar om at bedrifta har system og rutinar som varetek kunden, slik at kunden opplever at det blir ytt god service. På ein restaurant kan systemservice vere at gjestene lett får bestilt eit bord, eller at dei blir tekne imot med ein gong ved inngangen. Det handlar om at det finst gode rutinar som gjer at bestillingane raskt blir formidla til kokken, og at kokken til dømes får beskjed om at middagen skal vere glutenfri.

Systemservice handlar òg om at dei tilsette har system som gjer at dei får bestilt nok varer og ikkje blir utselde for enkelte ting. Alt i alt går systemservice ut på at bedrifta ser kva som er dei viktigaste behova til kunden, og byggjer opp eit system som varetek desse behova på ein nesten automatisk måte.

Smilende servitør tar imot bestilling ved et bord. Foto.

Personleg service

Den personlege servicen er det servicemedarbeidaren som står for, altså det mennesket som er på jobb og møter kunden. Dette er ein usedvanleg viktig del av serviceleveransen, for alle kundar liker å bli sette, vareteken og behandla med respekt.

Personleg service er smil, augekontakt, småprat, kunnskap om produktet og tenesta, positivt kroppsspråk og ein tydeleg vilje til å gjere ein god jobb. Det er òg viktig med god samhandling og ein positiv tone mellom medarbeidarane som er på jobb, for det skaper ein triveleg atmosfære og ein kultur for sal og god kundebehandling.

Personleg service kan vere den aller viktigaste årsaka til at kunden blir fornøgd og vel å kome tilbake. Fornøgde kundar kan skaffe fleire kundar ved at dei snakkar fint om verksemda. Men det er endå meir sannsynleg at dei snakkar om verksemda dersom dei har opplevd dårleg service. Derfor er det svært viktig å unngå å få misnøgde kundar.

Tenk etter

Har du nokon gong opplevd dårleg service? Kva skjedde?

Det blir sagt at det skal ti gode serviceopplevingar til for å vege opp for éi dårleg. Kva tenkjer du om det?

Sjølvservice

Sjølvservice betyr at verksemda nyttar seg av teknologi som gjer at kunden sjølv kan utføre serviceoppgåver, til dømes å finne og lese menyen digitalt eller gjennomføre bestillingar og betalingar.

Vellykka sjølvservice kan bety kostnadsinnsparingar for verksemder. Samtidig mistar gjestene moglegheitene til å få god personleg service av ein servitør som kan gi gode tilrådingar og fortelje om mat og drikke. Sjølvservice blir derfor nytta mykje på hurtigmatrestaurantar, der prisnivået er lågare og ein ikkje forventar same grad av service som på ein gourmetrestaurant.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye, Jannike Gausdal og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Service