Hopp til innhald

Fagstoff

Grønsaker

Grønsaker er ei stor og variert matvaregruppe som kan brukast til mykje! Grønsaker finst i mange ulike former, variantar, fargar og smaker. Dei gjer godt for helsa, og du bør derfor ete masse av dei, kvar dag!
Ulike sortar grønsaker med ein bakgrunn av treplankar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk

Grønsaker gir god smak og farge til maten og speler ei viktig rolle som garnityr til middagen. Dei kan etast rå eller varmebehandla. Hugs at det finst mange fleire spennande metodar enn å koke eller steike ei grønsak.

Dei kan både dampast, bakast, lagast til puré, gratinerast, syltast eller confiterast for å nemne noko. Smakskombinasjonar, fargenyansar og tillagingsmetodar er nesten uendelege for grønsaker. Dei kan formast og skjerast til på mange måtar. Du kan eksperimentere og variere anten du lagar kvardagsmat eller festmat. I tillegg til at du kan bruke dei som garnityr til hovudretten, kan du bruke grønsaker

  • i gryterettar, supper, stuingar og salatar

  • som fyll i bakverk

  • som smaksforsterkar i kraft

  • som hovudråvare i vegetarmat

Sesong

I dag har vi eit stort utval av grønsaker heile året fordi vi importerer frå andre land. Dei norske sesonggrønsakene er likevel noko for seg sjølve. Klimaet i Noreg med kjølig og kort vekstsesong gir dei norske produkta ein særleg god smak og aroma. Dei fleste grønsakene er dessutan billigare og smaker best i sesongen.

Kvalitetsvurdering

Alle grønsaker skal vere friske og sjå fine ut. Det skal ikkje vere teikn til stygge flekkar, mugg, skadar eller liknande.

Det hender at grønsaker blir lagra litt for lenge og mistar spensten. Slappe grønsaker og salat kan få nytt liv igjen ved å legge dei i isvatn i 15 minutt. Slappe grønsaker er òg perfekte å putte i ei suppe eller bruke til kraftkoking.

Kor mykje bør du ete?

Kostråda tilrår oss å ete minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag, og minst halvparten bør vere grønsaker. Varier mellom ulike typar grønsaker og frukt, og vel gjerne frukt og grønt ut frå fargane til regnbogen! Ein porsjon svarer til 100 gram og kan til dømes vere ein liten bolle med salat, ei gulrot eller ei middels stor frukt.

Du kan bruke friske, hermetiske, frosne og varmebehandla grønsaker, frukt og bær. Moglegheitene er mange.

Poteter, belgvekstar som bønner og linser, frø, krydder og urter er ikkje inkluderte i "fem om dagen", men høyrer med i eit variert kosthald.

Ulike typar grønsaker delte opp på ulike måtar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker