Hopp til innhald

Fagstoff

Sjanger, medium og format

Når du skal lage medieuttrykk, er det viktig å bruke sjangertrekk for å skape og oppfylle forventningane til mottakarane. Det bidreg til å få fram bodskapen på ein effektiv måte og gjer produksjonen av medieuttrykk enklare. Ulike medium krev dessutan ulike format.
Fredrik Skavlan sit i TV-studio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjanger og medium

Sjølv om medieuttrykk til ein viss grad er prisgitt det mediet dei blir distribuerte gjennom, er ikkje ein sjanger i utgangspunktet knytt til eit spesielt medium. Det er sjølvsagt ikkje mogleg å vise eit fotografisk portrett på radio. Men det er mogleg å lage lydbilete som gir lyttarane tilnærma same oppleving.

Sjangeren reportasje finn vi både i avis, radio og fjernsyn. Men i produksjonen av ein fjernsynsreportasje vil du bruke andre verkemiddel enn i avisreportasjen. Det avisreportasjen og fjernsynsreportasjen har felles, er at begge er ei forteljing om noko som faktisk har skjedd, sett gjennom auga til ein reportar.

Format

Eit format er den tekniske spesifikasjonen eit medieuttrykk må ha for å kunne publiserast og distribuerast. A4 er kanskje det formatet som er best kjent. Det er standardformatet for papirark i kopimaskinar og skrivarar. Letter-formatet dukkar ofte opp i dataprogram laga i USA. Det er litt mindre enn A4-formatet. Når du redigerer eit bilete i eit digitalt biletbehandlingsprogram og det skal trykkjast, må du passe på å velje riktig utskriftsstorleik og lagre biletet i eit filformat som ein skrivar kan lese.

Rognkjeks som beveger seg i nettannonse. Animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lokalaviser blir ofte trykte i tabloidformat, mens mange større regionaviser framleis blir trykte i fullformat. Helgemagasin blir ofte trykte i eit eige format. Bruk av standardformat må stemme overeins med dei teknologiske moglegheitene som finst for trykk og utkøyring.

På nett er utfordringa at innhaldet blir lese på både vanleg skjerm, nettbrett og mobil. Derfor får stadig fleire nettaviser responsivt design, eit design som tilpassar seg den skjermen du ser på. På nett må ein ta omsyn til tekniske lagringsformat.

På fjernsyn har lengda på ulike program vore standardisert. Dokumentarar er ofte i underkant av ein time, seriar også, viss ikkje dei er 45 minutt eller 1.30 time. Reklame på TV 2 kan vere på 10, 15, 20, 25, 30, 35, 40, 45, 50, 55 eller 60 sekund. Grunnen til dei faste lengdeformata i tradisjonelt fjernsyn er at alle program i ein TV-kanal må følgje eit fastlagt tidsskjema. Med utbreiinga av nettbaserte fjernsynstenester vil ikkje standardiserte lengder på program vere så viktig lenger.

Lastebil med reklame for Evergood kaffe

Same uttrykk i fleire format

Medieuttrykk blir ofte laga i flere ulike format, avhengig av kva mediekanal dei skal distribuerast gjennom. Det vil seie at uttrykket må tilpassast både teknisk og visuelt.

Ein kaffepose med bilete av ein kaffekopp og kistornblad. Fotografi.

Ein reklamefilm blir gjerne laga i fleire versjonar, for eksempel både i 30 sekunds- og 20 sekunds-format. Da kan han brukast i reklamepausar på TV med ulik varigheit.

På same måten blir ein reklameplakat gjerne laga i fleire variantar til bruk i ulike samanhengar, for eksempel ein versjon som kan hengjast på ei oppslagstavle, og ein versjon som passar i eit magasin, eller som med eksempelet Evergood.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2017

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar