Hopp til innhald

Fagstoff

Innhald, form og bodskap

Ein bodskap har ei form og eit innhald. Forma er utsjånad, eller innpakkinga, mens innhaldet er det som er pakka inn. Dersom bodskapen skal nå fram og bli forstått, er det om å gjere at form og innhald uttrykkjer det same.
Montasje av foto og grafikk som syner ein mann som står i ein butikk og roper «Kjøp!». Foto.

Når form og innhald sprikjer

Du møter ein ven...

...helsar, stoppar opp og spør: «Korleis er det med deg, då?» «Jaudå, det går bra», svarer venen din. Men du synest han ser oppgitt ut i auga. Innhaldet i bodskapen til venen din er at det går bra, men forma, eller måten han seier det på, syner at venen din er oppgitt. Då spør du ein gong til for å høyre korleis det eigentleg går. «Det går bra, men eg gløymde mobilen min att på bussen. Det er irriterande. Eg får han først i morgon.»

Aha – då forstår du kvifor venen din dobbeltkommuniserte.

Situasjonar med uklar kommunikasjon og avklaringar som denne har du sikkert opplevd, og dei treng ikkje vere problematiske. Men når du skal formidle ein bodskap gjennom eit medieuttrykk, bør det ikkje vere tvitydnad i formidlinga, med mindre det er det som er meininga.

Tenk deg ein radioreklame om vaskemiddel som seier: «Bruk Max formular, få det reinaste tøyet!», men røysta er famlande og musikken melankolsk. Det ville vere ein veldig rar og lite overtydande radioreklame.

Bodskapen – eit samspel mellom form og innhald

Bodskapen er resultatet av korleis form og innhald verkar saman. Innhaldet kan vere «pakka inn» i skrift, bilete eller lyd, eller kombinasjonar av desse. Samspelet mellom dei ulike formelementa verkar også inn. Kva plassering har dei i høve til kvarandre? Kva rekkjefølgje kjem dei i? Er nokon sterkare markert enn andre?

I profesjonell mediekommunikasjon ber utforminga preg av kompetanse i forteljeteknikk og komposisjon. Innhaldet blir tilpassa ei målgruppe, ein bestemd kanal og eit føremål. Den profesjonelle forma på innhaldet sikrar ein tydeleg bodskap.

Eksempel på innhald, form og bodskap

Bileteksempel

Ikon som viser siluett av en mann og en kvinne på svart bakgrunn. Illustrasjon.

Innhald: Ein mann og ei kvinne som står ved sida av kvarandre.

Form: Stilisert silhuett i kvitt på svart bakgrunn syner at dette ikkje er ei gjengiving av ein bestemt mann eller kvinne, men av kva mann eller kvinne som helst.

Bodskapen: Dette er eit toalett for både menn og kvinner.

Skrifteksempel

Trygg Trafikk har brukt dette slagordet:

Ikkje tøft å vere død

Innhald: Ikkje, tøft og død er sentrale, meiningsberande ord.

Form: Kort, skriftspråkleg ytring i negasjonsform.

Bodskap: Køyr forsiktig og etter reglane, det er ikke verdt å miste livet i trafikken.

Lydeksempel

Lytt til denne jingelen:

Nyhetsjingle

0:00
-0:00

Innhald: Tre sekund med musikk.

Form: Rytmisk og systematisk stigande elektroniske basstonar med ekko i avsluttinga.

Bodskap: No kjem nyheitene.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar