Hopp til innhald

Fagstoff

Etikk i verdikjeda

Dei fleste produkt har ei global verdikjede. Det vil seie at det kan vere bedrifter og menneske frå ulike land i dei ulike ledda.
Ung jente sit ved ein symaskin på ein klesfabrikk i Bangladesh. I bakgrunnen er fleire tekstilarbeidarar som sit ved symaskinene, alle i fargerike klede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etikk i verdikjeda

Etikk i verdikjeda dreier seg ikkje om at alle som er involverte i ei global verdikjede, skal ha norske lønningar. Det dreier seg først og fremst om grunnleggjande etiske retningslinjer, som

  • å unngå tvangsarbeid
  • å unngå barnearbeid
  • å unngå uforsvarleg lange arbeidsdagar
  • rett til å vere medlem i ei fagforeining
  • trygge arbeidsplassar
  • ei lønn som ein kan leve av med kostnadsnivået i landet
  • ei berekraftig miljøforvalting

Rettferdig handel

Mange forbrukarar er opptekne av det vi ofte kallar rettferdig handel. Myndigheitene, EU og FN er alle engasjerte i dette arbeidet. Vi har ulike sertifiserings- og merkeordningar som skal vere med på å fremje slike produkt.

Logo av Fairtrade blant tomatar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fairtrade Noreg

Ein av dei største organisasjonane innanfor rettferdig handel er Fairtrade. Dei beskriv forretningsidéen sin slik:

"Fairtrade er en internasjonal merkeordning som gjennom handel styrker bønder og arbeidere i fattige land. Fairtrade-standardene sikrer bedre arbeidsforhold og handelsbetingelser, slik at det over tid blir mulig å investere i produksjon, lokalsamfunn og en bærekraftig framtid. Med mer rettferdige handelsbetingelser kan bønder og arbeidere selv bekjempe fattigdom."

Det finst over 1200 Fairtrade-sertifiserte kooperativ og plantasjar i 74 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Om lag 1,4 millionar bønder og arbeidarar jobbar i kooperativa og på plantasjane, og tel vi med familiane deira, er det cirka 6 millionar menneske som nyt direkte godt av Fairtrade-systemet.

Les meir om Fairtrade-systemet på fairtradenorge.no.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2023

Læringsressursar

Forbruk og påverknad på miljøet