Hopp til innhald

Fagstoff

Påseling av bogtresele

Det er mange forskjellige typar seletøy: til dømes brystsele, komtesele, travsele og bogtresele. Kva sele du skal velje, kjem an på kva slags køyring du skal gjere. Her ser vi nærare på bogtreselen.
Hest med bogtresele. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bogtresele

Dersom hesten skal brukast til skogsarbeid eller gardsarbeid som arbeidshest, er bogtreselen det rette valet for at hesten skal kunne trekke rett. Du må kunne legge på og tilpasse selen korrekt. Ein feil tilpassa sele kan gjere at hesten får skadar.

Påseling og tilpassing av bogtreselen

Når du har lagt på selen, festar du brystreima først. Du justerer kor stramt bogtrea skal ligge mot hesten, med brystreima og nakkereima. Du skal så vidt få ei flat hand mellom bogtreputene og hesten, og dei skal ligge jamt inntil hesten heile vegen.

Springgjorden held høvret på plass under køyring, og springgjorden skal strammast så mykje at du får ei flat hand under reima. Bukgjorden er slakk, du skal få ei god handsbreidde mellom bukgjorden og hesten. Juster opphaldsreimane slik at det går ei rett linje frå trekkpunktet i bogtreet gjennom draga til festet i vogna.

Bakselen hjelper til når hesten skal bremse i nedoverbakke, og han må ikkje vere for stram eller henge for langt ned på låret på hesten. Bakselen skal ligge ei handsbreidde frå setebeinsknuten på hesten, og du skal få plass til ei hand på høgkant mellom hesten og selen, på begge låra. Mellom halereima og hesten, midt oppå krysset, skal du få plass til ein knyttneve. Etter bruk skal selen pussast over, og sveitte, støv og skit skal fjernast.

Oppgåve

Kan du dette om påseling av bogtresele?

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget