Fagstoff

Digital delingsøkonomi

Publisert: 06.06.2016 (12:13)

Betaling med Visa. Foto.   Delingsøkonomi gjer det mogleg å dele og distribuere varer og tenester utan å gå via tradisjonelle butikkar eller andre bedrifter. Det vil seie at privatpersonar bruker Internett og ny teknologi som til dømes appar til å kjøpe, selje, leige eller byte varer og tenester seg imellom.

Ny teknologi

Det som gjer delingsøkonomi svært aktuelt i dag, er dei nye digitale løysingane som har gjort det mogleg å nå ein større marknad. Med Internett har fleire millionar menneske begynt å selje billigare varer og meir individuelle tenester enn vanlege bedrifter. Ein kan bruke applikasjonar for smarttelefonar som er kopla til kart- og betalingstenester. Marknadsføring og kommunikasjon skjer via sosiale medium. Slik kan ein bestille mat, transport, overnatting og opplevingar der ein er, eller dit ein skal. Vi skal sjå på to store globale aktørar innanfor delingsøkonomien.

Airbnb er ei global digital teneste som fungerer som ein digital marknadsplass der folk over heile verda kan leige ut eller bestille overnattingar. Dei fleste som leiger ut, er private, men også mange hotell og andre overnattingsbedrifter bruker no Airbnb. Airbnb har i 2016 passert 60 millionar overnattingar og er verdsett til 220 milliardar kroner.

UBER er ei global digital teneste som formidlar privat transport. Uber blei oppretta i Silicon Valley i 2011, og har allereie oppnådd å bli ein suksess verda over. I 2015 var UBER representert i 70 land og verdsett til over 480 milliardar dollar. Uber har møtt mykje motstand frå den etablerte taxinæringa, medan andre ønskjer tenesta velkommen fordi ho bidreg til auka konkurranse.

Drosjeappen Uber. Foto.   Marknadskommunikasjon

I ein digital delingsøkonomi er det behova til kundane som styrer tilbodet av varer og tenester. Verdikjeda er snudd på hovudet. Tilbod som er tilpassa den enkelte kunden, fører til endring i marknadskommunikasjonen. Produsentane dyttar ikkje noko på ein, men tilpassar tilbodet til dei behova kundane har. Marknadskommunikasjonen blir meir lyttande og, dialogbasert ein-til-ein.