Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Resultatbudsjett for Annelises butikk

Annelise Anwar har etablert ein gåve- og interiørbutikk med produkt frå Sør-Europa.Ho skal utarbeide eit resultatbudsjett for 1. kvartal.
Ein mann og ei kvinne ser på retromøblar i ein interiørbutikk. Dei står med ryggen til kvarandre og studerer ulike varer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Annelise tek utgangspunkt i rekneskapstala frå 1. kvartal i fjor. Alle tal er eksklusiv mva.

Salsinntekter

Måned

Januar

Februar

Mars

Salsinntekter

kr 600 000

kr 500 000

kr 700 000


Ho reknar med 5 % auke i salsinntekter i forhold til tala for fjoråret.

Ho kalkulerer med ei på 80 %.

Annelise reknar med følgande indirekte kostnader:

  • Avskrivingar: 3 000 kroner per måned
  • Lønn: 140 000 kroner per måned
  • Marknadsføringskostnader: 10 % av salsinntektene per måned
  • Andre driftskostnader: 18 000 kroner per måned
  • Husleige: 26 000 kroner per måned

Oppgåver

  1. Set opp eit resultatbudsjett for januar, februar og mars, og samla for 1. kvartal.
  2. Vurder forventa resultat for 1. kvartal.
Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2023

Læringsressursar

Budsjett